Stikkordarkiv: samspel

Eg veit med meg sjølv

Eg veit med meg sjølv –
ja, veit eg i grunnen noko
med meg sjølv,
for meg sjølv,
når eg tenkjer meg om?
Eg vart ikkje fødd med kunnskap,
lærdomen eg måtte ha,
har eg fått i kontakt og samspel
med andre.
Kanskje er det éin ting eg
veit med meg sjølv:
utan andre hadde eg ikkje eingong
vore meg sjølv.

Share

Stilla mellom dønningar

Høyr den intense, korte
og fullkomne stilla
som fyller lydrommet
mellom to dønningar
som bruser inn på
sandstranda,
klukkande smålydar fortel
at ei båre har
brust frå seg,
stilla er total,
før stigande brusing
der ute ber bod
om ei ny bølgje som
slår seg fram
i eit frådande lydinferno
før ho legg seg til ro og
glid inn i stilla
mellom dønningar,
eit evig samspel
mellom hav og land.

Share