Stikkordarkiv: tradisjon

Eit 50-års minne

Hausten 1970 var eit tidarvende på mange måtar. Etter fullført cand.mag.-grad skulle eg bestemma om eg skulle gå vidare med norsk hovudfag (med språkanalyse som tema) eller magistergrad i folkloristikk. Den opphavlege tanken om å verta lektor i gymnaset hadde vorte meir og meir frynsete i kanten. Eg brukte difor ikkje so lang tid til å falla ned på folkloristikken. Sjølv om framtidsutsiktene var litt usikre med ein magistergrad, tok eg likevel sjansen.

Til avhandlinga mi trong eg gå gjennom mykje litteratur, ikkje minst for å få tak i trykte folkeminnesamlingar. Eg fekk meg halvtidsjobb som bokhentar på Universitetsbiblioteket. Dermed fekk eg direkte tilgjenge til det store bokmagasinet. Når eg var ferdig på jobb kl. 12.00, kunne eg bruka so mykje tid eg orka på å gå direkte i hyllene og sjekka relevant litteratur. Dermed sparte eg mykje tid. Normalt skulle eg ha leita opp litteratur i eit kortkartotek, deretter fylt inn bestellingsskjema og so venta til neste dag før eg fekk bøkene utleverte. Som bokhentar på halvtid gjorde eg leitinga etter relevante tradisjonssamlingar ferdig på seks månader. Då kunne eg slutta som bokhentar og konsentrera meg fullt og heilt om å skriva.

Eg kan enno hugsa kjensla av å lukkast kvar gong eg kom over materiale som eg trong til arbeidet mitt. Då var det å skriva av på eit kartotekkort og setja kortet inn i systemet mitt. I to år fekk eg oppleva ein gjevande skriveprosess i dialog med rettleiaren min, Reimund Kvideland. Eg leverte kapittel med jamne mellomrom, og han kommenterte skriftleg og munnleg. Me hadde kontakt nesten dagleg i skriveperioden. Seinare forstod eg at eg hadde opplevt ein draumesituasjon: å vera den fyrste magistergradsstudenten i eit fag og i tillegg ha ein rettleiar som verkeleg brydde seg.

Og resultatet? Ei avhandling våren 1972 med tittelen: «Tradisjonen om fossegrimen og nøkken. Ein genre-analytisk studie». Vart publisert som fyrste avhandling i ein planlagt serie «Folkloristiske studiar» ved Universitetet i Bergen. Det kom aldri fleire publikasjonar i den serien. Avhandlinga vart kanskje lesen av 10 personar, inkludert eksamenskommisjonen. Ho fungerte likevel som ein grei sveineprøve. Då eg rydda i samlingane mine i samband med flytting, fann eg det handskrivne originalmanuskriptet med Kvidelands kommentarar. Eg hadde ikkje hjarte til å kvitta meg med papirbunken. Han inneheld for mange positive minne om ein 50 år gamal prosess.

Share