Stikkordarkiv: UNESCO

Gjestfridom

Hugsar du attende til den tida då naboar og vener berre stakk innom på besøk, utan å melda frå på førehand eller venta på særskild invitasjon? Eg må nok vedgå at det har vorte sjeldnare og sjeldnare å oppleva, både å få besøk og gå på spontane besøk. No skal eg ikkje skryta på meg særleg sosial spontanitet. Når det likevel skjer ei hende gong, er det triveleg. Passar det ikkje, er det ikkje verre enn at me kan seia ifrå.

Denne soga er om ei hending der ein finsk kollega og eg fekk vanskar med å tolka verbal gjestfridom. Det er fleire år sidan, og me var på UNESCO-møte i Paris. Begge var me leiarar i dei nasjonale UNESCO-kommisjonane og hadde difor alltid mykje å snakka om når me møttest i Paris. På ei mottaking ein av kveldane kom me i snakk med eit ungt ektepar frå eit asiatisk land. Han arbeidde ved heimlandets UNESCO-delegasjon. Ho var utdanna tannlækjar, men for tida var ho heimeverande med små born. Dei var svært interesserte i dei nordiske landa, og me hadde ei lang, god samtale. Fleire gonger under kvelden sa dei at me måtte koma å besøkja dei. Me vaksne, nordiske karane hadde røynsle for at slike invitasjonar under mottakingar svært ofte var høflege frasar som ein skulle ta imot med ein vennleg smil. Me visste at det ikkje var mykje alvor bak. Då me skulle forlata selskapet, kom dei begge to bort til oss og insisterte at me måtte koma heim til dei neste kveld. Dei skreiv adresse og tidspunkt på eit visittkort og trykte inn i handa til ein av oss. Me takka, men sa at dei måtte ikkje laga til ekstra bry for oss. Dei hadde sikkert meir enn nok å ta seg til med to små born. Insisteringa vart berre sterkare, og til slutt sa me ja takk.

Neste dag drøfta me litt om dette var ein vanleg invitasjonsfrase, eller om me skulle ta det på alvor. Me konkluderte med at dei verka svært interesserte i å få besøk, og då ville det vera uhøfleg å ikkje koma. Me kjøpte vin til vertskapet, tok oss fram i god tid for finna ut kvar dei budde. På klokkeslettet ringte me på døra. Det gjekk ei god stund før mannen kom ut. Han hadde det minste barnet på armen og sette opp eit andlet som fortalte overtydeleg at han på ingen måte venta å få to nordiske karar på besøk. Han forstod likevel raskt situasjonen, inviterte oss inn, medan han orsaka seg med at kona enno ikkje var komen heim, ho var på ein handletur. Me vart plasserte i stova, og verten sette i gang ein ringjerunde til kona og til nokon som han ville ha som barnevakt. Me sette oss ned og betrakta all organiseringasaktivitet, litt småbrydde. Med diplomatiske vendingar føreslo me at det kanskje ikkje passa likevel, og me ville trekkja oss attende. Men nei, dei hadde invitert oss, og me skulle ha ein kveld i lag.

Enden på visa vart at då kona kom heim, gjekk heile familien og me på ein restaurant i nærleiken. Me hadde ein triveleg kveld i lag trass i at den finske kollegaen og eg nok kjende på oss at me hadde feiltolka totalt ein insisterande og overstrøymande gjestfridom. Det heile vart nok eit døme på at sosialt samspel i ein internasjonal samanheng ikkje alltid er like lett.

Gravityscan Badge

Share

Attersyn

Det har nok noko med alder å gjera, dette at attersyn kan setja i gang heile reaksjonsrekkjer av minnebilete og kjensler. Orda i denne teksten har opphavet sitt i at eg har besøkt Paris på nytt. Det er snart tre år sidan eg var der sist. Då var det tenestereise; eg deltok på eit seminar og på ei generalforsamling i samband med ein UNESCO-konvensjon om immateriell kulturarv, som det heiter på “unescisk”. Denne gongen var eg på privat reise. Eg budde i same området som tidlegare, til og med på eit av dei hotella eg brukte mest på tenestereisene. Dette å oppsøkja det kjende er ein måte å oppleva meistring. Eg veit kva undergrunnstog eg skal ta frå flyplassen til hotellet. Eg kjenner gatene, eg kjenner restaurantane og veit kva museum som ligg i gangavstand. Eg veit kva toglinjer eg må ta dersom eg skal koma til andre museum. Ved å oppsøkja det kjende området i Paris, går eg inn i ei boble av attersyn. Det kjem minne om frustrerande UNESCO-møte seine kveldstimar, meniningslause diskusjonar om uviktige formalitetar. Men også fine samtaler med gode kollegaer, hyggelege måltid og hektiske arbeidsøkter, der me på kort tid skulle skriva debattinnlegg som skulle overtyda alle andre om at norske forslag og synspunkt var vel verde å satsa på. Det var godt å verta mint om ei pulserande arbeidsfortid, utan dermed å kjenna seg heilt parkert, berre i ein annan livsfase.

Attersynsglede har eg opp gjennom åra opplevt fleire gonger når eg har kome attende til tidlegare arbeidsplassar. Det å sjå ein bygning, koma inn i eit kjent rom, møta tidlegare kollegaer, utløyser minnebrokkar om hendingar og opplevingar. Somme gonger finn slike møte fram til sider som låg der i gløymeboka; det skal berre nokre utløysande inntrykk til, so kjem både detaljar, namn og hendingar fram i minnet. Storarta evne me har fått som menneske, dette.

Stundom fører attersyn til litt undring. Eg hugsar ein gong då det var mange år sidan eg hadde vore på Universitetet i Bergen, meir presist bygningen for Historisk-filosofisk fakultet (HF-bygningen og den ombygde skule på Sydneshaugen). Der heldt eg til på ulike lesesalar i mange år. Inne i korridorane i HF-bygningen møtte eg nokre av dei tidlegare lærarane. Dei var både like seg og litt endra. Dei same brune cordfløyelbuksene (sikkert nykjøpte), den same kroppshaldninga, men litt tunnare i håret og med grått skjegg. Kanskje gjekk dei litt meir subbete i korridorane, men den skeive smilen og småsarkastiske replikken var den same. Eg var attende som student, oppteken av nylesne fagartiklar og forviten på arbeidslivet.

Ein annan gong førte eit attersyn til mykje undring og kanskje litt vemod. Eg møtte ein kamerat frå barndomstida. Me hadde fylgst på barnskulen og framhaldsskulen. Han var ein stram kar, hadde lukke hjå jentene og gifte seg tidleg. Då eg møtte han etter mange år, var han like stasleg, sjølv om han hadde mist (mellombels) ei framtann. Me utveksla dei vanlege frasene om korleis me hadde det, kva me gjorde og kvar me budde. Han var litt mismodig. “Eg har mist diagnosen”, sa han med ein sukk. Det var vel ikkje so ille, meinte eg, og trudde han hadde vorte erklært frisk etter ein alvorleg diagnose. Men nei. Problemet var at han måtte inn i nye rundar med NAV etter at han i ein periode hadde vore uføretrygda på grunn av vondt i ryggen. Nye undersøkingar hadde vist at den fyrste diagnosen var tvilsam. Dette såg han på med uro og misnøye. Etter at me skildest, forstod eg at eg hadde fått ein leksjon i alternativ tenkjemåte. Nyttig, på sin måte.

Attersyn fortel so mykje, både om livet du har levt og ikkje minst, om deg sjølv. Ja då, eg veit at stundom kan attersyn setja i gang alt anna enn glede og humrande mimring. Slik vil livet vera for dei fleste av oss. Sjølv har eg nok fyrst og fremst vore heldig og kan la attersyn fylla kvardagar med positive minne. Slikt skal ein ta vare på når ein går i avgangsklassen.

Share