Stikkordarkiv: velferdssamfunn

74

I året 2020 er det mange som vert 74 år. Faktisk var 1946 det året då det vart fødde flest born i alle år etter krigen, i alt 70 727, om me skal tru SSB. 1946 var det einaste året med over 70 000 i fødselstal. Me har alt i fleire år sytt for at generasjonane etter oss med skjelvande røyster snakkar om den eldre-tsunamien som trugar med å skola over det velferdssamfunnet som dei hadde sett for seg at dei skulle sola seg i. Berre sjå på talet ’74’; kvasse vinklar og rette strek, eit tal som brøyter seg fram med spisse albogar. Det er berre ’44’ som er spissare. Me var nok meir medgjerlege då me var 68, då me var i ferd med å trekkja oss ut av yrkeslivet og var på full fart ut av samfunnskategorien ‘gagns menneske’. Det kan nok vera ei trøyst at når somme av oss når 88 år, er me rundare i kantane og prisar oss lukkelege over at nokon i det heile vil bry seg med oss. Slik går dagane og livet. Aldri so godt at det ikkje kan problematiserast.

Share

Snjoen som fall i fjor

Til vanleg eksisterer snjoen som fall i fjor, berre som minne om snjofall, snjomåking eller milevis av skiløyper i skog eller på fjell. Dei aller fleste av oss er nøgde med at fjorårs-snjoen held seg i minneboka. For andre derimot, er ikkje dette nok. Dei vil på død og liv ta vare på snjoen frå i fjor. Dei har funne på at dei skal samla og lagra snjo i fjellhole for å kunna ta han fram att til ei bestemt tid neste år. På den måten kan dei garantera snjo på ein viss dato, anten vêret er lageleg eller ikkje. Det er viktig at folk kan planleggja når dei skal kunna gå eller stå på ski att. Slikt kan ikkje overlatast til vêret åleine, dersom ein legg vekt på livskvalitet.

Kanskje kan eg forstå dette ynsket om å ha vinter større delar av året. I fleire tiår har me prøvt å kompensera for manglande sol ved å laga solstudio eller smørja på oss noko uhumskt som skal få folk til å verta brune utan sol. Det er sjølvsagt lettare enn å reisa dit sola er heile året. I alle fall er det mindre fly-skamfullt. Og om ikkje minnet tek heilt feil, er det mogeleg å få tak i små snjoanlegg som kan laga snjo i hagen, dersom ein saknar snjomåking og glatt tun. Einaste avgrensinga er at det må vera kaldt i vêret for å få det til.

Slik prøver me å oppheva dei vilkåra som den vanskelege og lunefulle naturen pressar på oss. I det superindividuelle samfunnet må det vera eit mål at kvart individ skaper sine eigne mikroklima, der dei kan få vinter når dei ynskjer det, og sommar når dei ynskjer det. Valfridom er det største ein person kan ynskja seg. Det verste som kan skje, er at nokon andre eller naturen set rammevilkåra for oss. Slik støyrer me på, i von om at di meir me får gjera akkurat som me ynskjer, di betre vert verda rundt oss. Det burde koma ei felles, offentleg stønadsordning som hjelper folk å gjera akkurat som dei vil, når dei vil. Det er det minste ein kan venta av eit velferdssamfunn.

Share