Stikkordarkiv: visuell kunst

Gullalder

Når hadde du din gullalder, då du var på ditt beste? For lenge sidan, nyleg, eller kanskje no? Eller går du og ventar på at gullalderen skal koma, kanskje i nær framtid, slik som Olav H. Hauge har formulert det i diktet “Det er den draumen”? Dei fleste av oss kan sikkert ikkje svara slik utan vidare. For dei av oss som har levt ei stund, vil eg likevel tru at mange vil peika attende i tid. Kanskje til glade og lukkelege barneår, til sutalause ungdomsår, eller til dei hektiske og intense åra då borna var småe. Gullalderperiodane vil variera frå individ til individ, alt etter korleis livet har arta seg. Me veit eigenleg ikkje om noko har vore ein gullalder, før etter at me har fått avstand til den konkrete perioden. Då har me sortert ut dei gode minna, gjort dei endå betre og festa dei godt i gullrammer. Me er slik laga at me kan skala bort dei mindre gode minna og reindyrka dei me opplever som positive.

Omgrepet ‘gullalder’ er elles vanleg å finna på samfunnsområde som musikkhistorie, visuell kunst, politisk historie m.m. Felles er at gullalder vert brukt som metafor for å beskriva ein tilstand eller periode der samfunnstilhøve eller kulturuttrykk var på sitt beste og mest fullkomne. Utviklinga etter gullalderen vert oftast vurdert som negativ. Dei gode gullalder-elementa truar med å forsvinna eller verta øydelagde. Difor kan samfunnet stundom setja inn tiltak som tek sikte på å ta vare på, verna og vidareføra, i det minste delar av det som truar med å verta borte. Denne tankerekkja ligg ofte til grunn for t.d. kulturminnevernet og vernetenkinga i museuma. Ikkje minst tanken om at me bør og skal vidareføra ein kulturarv, er tufta på ei førestilling om at me må sikra eit vidare liv for så mykje som mogeleg frå ein tidlegare gullalder.

Stundom kan dyrkinga av ein tidlegare gullalder ta litt overhand, både for einskildindivida og i samfunnet. Når alt var betre før, og samtida ter seg som eit ork, bør det blinka varselljos for nokon kvar. Når problem i samtida skal løysast med å visa til korleis ting vart løyste i fortida, kan det vera på tide å setja seg godt til rette i samtida, sjå rundt seg med kjøleg og sakleg blikk, sortera ut kva som er viktig og mindre viktig og gjera opp ein nøktern status. Då vil me kanskje finna ut at det me skal finna løysingar på, her og no, må tilpassast situasjonen, her og no. Løysingane vil måtta vera ei blanding av gamalt og nytt, velkjent og ukjent. På den måten kan me utvikla oss som einskildindivid og som samfunn. Ja då, det er heilt i orden å ha respekt for det som har vore før, anten me kallar det gullalder eller ikkje. I beste fall kan me til og med læra noko. Likevel, kanskje kan det vera eit lite ynske, slik innimellom, å ordna oss slik at livet her og no kan opplevast som ein gullalder, i alle fall med nokre gylne strålar.

Gravityscan Badge

Share