Kategoriarkiv: Fag-tekstar

Folkeminnesamlaren

Den store folkeminnesamlaren i Hardanger var læraren Halldor O. Opedal (1895-1986). Han voks opp i ein syskenflokk på sju på garden Opedal i Ullensvang herad. Han var midt i flokken og hadde såleis ikkje garden å rekna med som leveveg. Til liks med somme andre evnerike bygdegutar tok han lærarskulen, og i 1916 fekk han eksamen ved Stord lærarskule. Nokre år rakla han litt omkring som lærar fleire stader, i Ullensvang, Bruvik, på Finnskogen og i Fusa. I same perioden tok han også litt tilleggsutdanning. I 1923 vart han tilsett i industristaden Tyssedal i Odda kommune. Dette skulle verta arbeidsstaden hans heile yrkeslivet fram til 1960.

Halldor O., som me kalla han, viste tidleg interesse for alt det den eldre generasjonen kunne fortelja. Han viste til at han voks opp i ei tid då det tidlegare gards- og grendesamfunnet var i sterk endring. Han og mange med han ville ha brukt ordet «oppløysing». Frå 1860-åra og utover vart det eit stort omskifte for den gamle tunskipnaden i mange vestlandsbygder. Dei tradisjonelle klyngetuna vart oppløyste som resultat av den omfattande  jordutskiftinga. Den upraktiske teigblandinga gjekk ikkje saman med  ynsket om meir effektiv drift og ei sterkare tilpassing til pengehushaldet. Med utskiftinga flytte folk til nye tufter, oftast i nye hus. Grannelaget vart sprengt. For folk var dette eit sakn, fortel Opedal. Eit par år etter han vart fødd,  hadde folk i Opedals-tunet med mange bruk, og eit 70-tals store og små bygningar, sluttført ei omfattande utskifting. Både foreldre- og besteforeldregenerasjonen til Opedal kunne fortelja om livet og leveviset i det grannesamfunnet som hadde kvorve. Og Opedal var ein ihuga og trugen lydar, som attpå til hadde evne til å omforma alt han høyrde til ei skriftleg form som har gripe mange lesarar.

To seriar utgjer høgdepunktet i publiseringa hans. Makter og menneske. Folkeminne ifrå Hardanger kom med 11 band i perioden 1930 til 1965 i den omfattande folkeminneserien til Norsk Folkeminnelag. Norsk Bokreidingslag stod bak framhaldet av Makter og menneske, med i alt 6 bøker. I åra 1972-90 gav Hardanger folkeminnelag ut seks band av Folk or gamal tid. Folkeminne ifrå Hardanger. I tillegg gav Opedal ut  bøker om turistferdsle, handverk, jaktefart, for å nemna nokre.

I dei åra då eg arbeidde på Hardanger folkemuseum (1977-1985), hadde eg mykje kontakt med Halldor O. Eg redigerte m.a. somme av dei siste bøkene hans. Han var smålåten på eigne vegner, men levande oppteken av livsverket sitt. Han hadde ord på seg for å vera både ein dugande og omtykt lærar. Ingen var likevel i tvil om at han var i best trivnad når han sette seg på sykkelen sin for å ta seg fram langs fjordane I Hardanger med avstikkarar til avsides gardar og stader der nokon ville møta han og røda om livet i eldre tider. Tolmod og systematikk prega innsamlingsarbeidet hans. Han likte å snakka med folk og må tydeleg ha hatt ei utprega evne til å få folk i tale. Han var flink å fortelja sjølv og fekk på den måten heimelsmennene og -kvinnene til å koma med sine ting. På små papirlappar skreiv han notatane sine. I neste omgang sorterte han lappane etter emne og samla dei i buntar eller øskjer. Dette utgjorde i neste omgang grunnlaget for manuskript, både handskrivne og skrivne på maskin.

Presentasjonen av folkeminnetilfang har på somme måtar utvikla seg til ein eigen skriftleg sjanger. Opedal høyrer med til dei som meistra denne sjangeren best. Kvart stykke startar gjerne med ei allmenn utsegn, der Opedal sjølv tolkar eller generaliserer kring eit fenomen. Deretter kjem vitnemålet, dømet som stadfestar og illustrerer. Eigenleg er dette i samsvar med folkeleg forteljemåte, der einskildhendinga med personar og stadtilknyting er det viktigaste vitnemålet om korleis ting er. Her er Opedal ein meister i å halda ein munnleg stil; knapp, tydeleg og uhyre effektiv. Dialektgrunnlaget er det viktigaste utgangspunktet for språkbruken. Han har sterk sans for den gode replikken som set alt på plass. Det er nok tvilsamt om alle heimelsmennene og -kvinnene har vore slike ordkunstnarar som ein kan få inntrykk av når ein les Opedals bøker. Det er vel meir sannsynleg at språkforma og stilen er Opedals eigne, finslipte gjennom mange års arbeid med forteljetilfang. Innhaldet og detaljane er nok attgjevne slik som Opedal fekk det fortalt.

Sjølv om Opedal tvillaust gjev att det heimelsfolka fortalte, er han også tolkar av det han høyrde. Han, og alle andre som arbeider med forteljetradisjon, fungerer som informasjonsfilter i den meining at noko må alltid veljast framfor noko anna. Slik sett er Opedal like mykje skapar av eit kjeldegrunnlag som han er objektiv referent. Det som forma Opedals «filter», var ei klår overtyding om at mangt i det førindustrielle bygdesamfunnet hadde ein verdi og kvalitet som «utviklinga» øydela. Alt vernearbeid, anten det gjeld materielle eller immaterielle kulturminne, er tufta på ei meir eller mindre medviten førestilling om at fortida representerer «det gode livet», medan det som har hendt seinare, ofte vert oppfatta som negativt. Dette fører ofte til at dei eldste vitnemåla, anten det gjeld språk, hus eller folkeminne, får status som meir verdfulle enn seinare vitnemål. Opedal er likevel sjeldan direkte nostalgisk eller glorifiserande. Han vik heller ikkje attende for å gje att soger som ikkje alltid er like flatterande for dei personane eller det miljøet det gjeld. Det har nok hendt at slektningar mange generasjonar seinare har tykt at det som vart fortalt, gjekk på slektsæra laus. Dette gjeld fyrst og fremst somme innslag i serien Folk or gamal tid, der alt tilfang er knytt til personar, ofte namngjevne.

Personleg tykkjer eg serien Folk or gamal tid står fram som noko av det beste Opedal har skapt. Det er vel knapt nokon som så systematisk har bygt på personforteljingar i attgjevinga av forteljetradisjon. Det er vanlegare å laga meir «abstrakte» temainndelingar, slik han har gjort det i Makter og menneske. I Folk or gamal tid  tek han konsekvensen av at store delar av folkeleg forteljetradisjon er knytt til personar. På den måten kjem ein også litt under huda på hardingane, får vita noko om det uskrivne regelverket som avgjer om noko er positivt eller negativt, sømeleg eller skammeleg, storarta eller stakkarsleg. Normer og verdiar kjem fram på ein måte som er vanskeleg å finna i mange andre kjeldetypar. Ein liten prøve på slikt forteljetilfang avsluttar denne korte presentasjonen av Halldor O. Opedal som folkeminnesamlar og kjeldeskapar: » Han Lars [lensmann i Ulvik] var byrg av den gruse kona si [kalla ‘Linsmanns-Marta’]. Ein husmann sette opp ei løe attmed riksvegen. So kom Lars og gjorde han vis med at løa stod for nær vegen. «Da æ dan lovæ,» sa han. «Løo stend’e no ikkje nermare eld’e ho Linsmanns-Marta kjem’e fram mæ skaut’e sitt,» sa husmannen. Då gjekk Lars, og husmannen høyrde ikkje meir frå honom. Men sidan hjelpte grannane husmannen til å flytta løa frå vegen – det var ikkje større huken.»

Visjonering

I gamle dagar, dvs. då eg var barn, fekk me av og til høyra om misjonærar, desse norske heltane og heltinnene som reiste ut i det ukjende for å få skikk på heidningane slik at dei skulle verta like oss. I tillegg arbeidde dei med utdanning og helsearbeid. Eg kan hugsa at me på misjons-basarar fekk sjå filmar som viste korleis dei levde og hjelpte folk langt borte. Det er likevel synd å seia at misjonærar var ein påtrengjande del av barndomen min.

I våre dagar er det mange slags –nærar. Ein nyare type er visjonærane, du veit, desse som kjem til institusjonar, organisasjonar og verksemder og skal læra bort korleis ein skal laga visjonar for det arbeidet som skal utførast. Det er på ingen måte nok å ha meiningar om kva samfunnsrolle eller kva arbeidsoppgåver ein skal sysla med for å vera til nytte i samfunnet. Det er ingen skilnad på om det er produksjonsverksemder, offentleg forvaltning eller kulturinstitusjonar. Alle må ha ein visjon å sikta mot, heiter det, elles vert det ikkje skikk på verksemda. Og visjonærane må ofte hentast inn utanfrå. Å laga visjonar er meir som ein eigen profesjon med visjonære og stundom astronomiske timesatsar. Og får dei kombinera visjoneringa med logoleik, har visjonærane kome til himmerike, på ein måte.

Eg har observert visjonering i kulturinstitusjonar og offentleg forvaltning. Den visjonære tilnærminga gjev både prosessar og sluttresultat noko halv-religiøst over seg. Visjonære ypparsteprestar samlar disiplar rundt seg i kreative samlingsstunder. Dei sprett rundt i rommet, skriv på gule lappar og brunt innpakningspapir som dei klistrar opp etter vegger, alt medan dei messar utan stopp om verdien av å drøyma seg fram til ein visjon. Mange vert nok litt småøre av slike øvingar og er over seg av glede når omrøringsprosessen er over. Ut har det kome ein tilsynelatande enkel setning om at ein skal vera best, størst, for ikkje å seia fyrtårn, verdsleiande osv. osv. Superlativ og ynskjedraumar står i kø i slike visjonsformuleringar. Det får ein  vanleg bygdegut til å tenkja formastelege tankar om at dette liknar mistenkeleg på kreativ inkompetanse med sterke innslag av hallusinasjonar.

Eg hugsar ein gong eg var innblanda i ein slik prosess i ein offentleg kulturinstitusjon, dvs. eg skulle ha meiningar om sluttresultatet. Den eksterne visjonæren og dei interne disiplane presenterte sluttproduktet med mange fagre ord om korleis dei tilsette skulle samhandla, vera rause og snille med kvarandre og elles oppføra seg som folk, for å bruka eit meir kvardagsleg språk. Ikkje eitt ord om kva institusjonen skulle gjera for samfunnet. Då adjektivflaumen hadde lagt seg, stilte eg eit enkelt og uskuldig spørsmål «Kvifor skal det offentlege bruka mykje pengar på denne institusjonen som berre ser ut til å eksistera for si eiga skuld?» Det vart påfallande stille. Visjonæren kremta litt og sa at det som var presentert, var berre ein førebels versjon av visjonsevangeliet.

Sjølvsagt skal ei kvar verksemd ha mål å arbeida i mot. Leiing og styre skal ha klåre oppfatningar om kvifor institusjonen i det heile eksisterer i ein vidare samfunnskontekst. Dei skal når som helst kunna svara på spørsmålet: «Kvifor eksisterer  institusjonen/organisasjonen din?» Enno har eg til gode å få noko meiningsfullt svar på slike spørsmål ved å lesa visjonsformuleringar.  Eg tvilar på om nokon institusjon har endra arbeidet sitt i særleg monn etter at dei har klistra opp visjonane sine på ein vegg og presentert dei på heimesidene sine. Visjonane heng der som verbal svada-glasur som krakelerer berre nokon ser strengt på dei. Svada er sjeldan ei brukande rettesnor for å gjera ein fornuftig og meiningsfull samfunnsinnsats, heller ikkje når svada tilsynelatande går inn i eit system. Svada vert aldri noko anna enn svada.