Kategoriarkiv: Hardanger-minne

Skulenostalgi

No vil eg dela nokre blankpussa minne frå den tida eg gjekk i barneskulen sjølv, midt i det førre hundreåret. Enno kan eg hugsa den vesle sitringa før me starta skuleåret. Det var alltid spennande kva dagar me skulle gå. På barneskulen gjekk me annankvar dag . Måndag-onsdag-fredag var min favoritt, då hadde eg laurdagen fri. Fridagane var leksedagar og arbeidsdagar, i alle fall for dei som kom frå gardar. Elles var spenningsmomenta i grunnen avgrensa. Me visste kva lærar me skulle ha: «prestafruo» i småskulen og «Helge klokkar» i storskulen. Annakvart år gjekk me i lag med elevane som var fødde året før oss. Dei skuleåra var nok ekstra hendingsrike. Ei hende gong kom nye elevar i klassen. Tilflytte lærarar på folkehøgskulen på Hordatun eller sorenskrivarfullmektigar sytte for det.

Fyrste gongen eg lærte at ein skuletime skulle vara i 45 minutt, var då eg byrja på realskulen. På barneskulen hadde me ein fleksibel omgang med time-omgrepet. Spesielt i storskulen hende det at me i alle fall hadde to skuletimar i eitt når temaet var interessant, og læraren var engasjert. Det kunne vera i rekningstimane, i norsktimane eller sogetimane. Det var nok ulikt syn på kor kjekt det var med dei lange «timane». Sjølv høyrde eg til dei som tykte det kunne vera stas. Det var noko ekstra med kjensla av å læra slikt som kunne brukast til noko, anten det var i norsk- eller rekningstimane. Dette å forstå setningsanalyse eller praktisk rekning kunne rett og slett vera morosamt.

Eg hugsar enno den levande framstillinga av parlamentarismestriden mellom Venstre og Høgre med høgdepunktet i 1884. Eg trur ikkje det vart rekruttert mange veljarar til Høgre då dette var tema i undervisninga. Venstre-sympatien låg tjukt utanpå læraren.

Elles er den dominerande kjensla at tida i barnskulen jamt over var grei. Rettnok kunne eg kvi meg litt til sløydtimane, fordi læraren kunne vera litt kvass i ordbruken, av og til. Men elles var det ingen høge toppar eller djupe bylgjedalar. Livet vårt utfalda seg i eit lite bygdesamfunn. Me borna var trygge på kvarandre, og me visste kvar me hadde lærarane. I fritida meiner eg å hugsa at aktivitetsnivået var høgt der me borna sjølve stod for planlegging og gjennomføring, for å bruka moderne prosjektterminologi.

Medan eg skriv desse linene, slår det meg at det skuletida står fram som god, rett og slett. Slik sett er det eigenleg ikkje noko å skriva om. Manglande dramatikk og skortande innestengde kjensler av å vera utanfor fortener eigenleg ikkje å skrivast om. Den vanlege og jamne kvardagen berre var der. Han skapte korkje traumar eller kjensler av å oppleva urettferd og andre sjelspåfreistingar som kan vera grobotn for gripande forteljingar i ettertid. Eg var nok eit barn som treivst godt med tydelege rutinar, struktur og god disiplin i klasserommet. I tillegg fekk me klåre tilbakemeldingar på det me gjorde. Somme ekspertar der ute kan sikkert analysera dette harmoniske minnebiletet som nostalgisk etterpåkonstruksjon. Kan så vera, men eg lever godt med minna mine. Og sannsynlegvis var nok skulekvardagen i barneskulen i Lofthus-bygda på 1950-talet meir mangfaldig enn det minnet mitt har fanga opp.

Var skulen i mi tid betre enn det barneborna våre opplever i dag? Det kan eg ikkje svara på. Eigenleg er spørsmålet feil. Institusjonar som skulen både avspeglar og påverkar samtidssamfunnet. Dette samspelet er og skal vera konstant i endring. Det gjev difor lita meining å blinka ut enkeltelement i den gamle skulekvardagen og hevda at dei representerer allmenngyldige løysingar for all framtid. Skulen bør sikkert endrast på fleire måtar, men ikkje med tilvising til slik det var før. Løysingane må ta utgangspunkt i samtida. Når det er sagt, må eg vedgå at eg er glad eg gjekk på barneskulen på 1950-talet og ikkje i dag. Det er nok normalt for besteforeldregenerasjonen.

Laurdagsdans frå scenekanten

I gamle dagar spelte eg ein del til dans, slike vanlege laurdagsdansar på ungdomshusa. Det hender eg spelar til dans no òg, men denne teksten er om dans i ungdomshuset tidleg på 1960-talet, dvs. i skikkeleg gamle dagar. Me musikarane var oppstilte på scena og hadde godt oversyn over det som skjedde i salen. Det var nok somme i salen som trudde dei var godt skjerma når det var trengsel på golvet. Men nå nei du gut, me såg nok litt av kvart som var meint å vera smådulgt. Heldigvis for mange har eg gløymt det meste.

Regien på ein slik laurdagsdans var etter måten fast. Lite folk til å begynna med på kvelden. Ei rekkje med jenter sat benka på eine sida. Dei fleste gutane heldt seg utandørs, dei skulle fyra opp mot til å entra dansegolvet. Me kunne ikkje rekna med stor aktivitet på golvet den fyrste halvtimen. Nokre få par, som tydeleg likte å dansa, dreiv på. Somme av jentene dansa med kvarandre medan dei glytte mot døra for å sjå om gutane hadde kome så langt i oppfyringa at dei vågde seg inn på dansegolvet. Etter kvart seig det inn med folk. Nesten umerkande vart det meir og meir liv på golvet. Me på scena kunne i gode stunder kjenna pulsen og stemninga når me trefte med musikken vår, og salen var som ein kvervel som snudde rundt seg sjølv. Slike stunder var stor stas for oss på scenekanten.
 
På den tid heldt gut og jente i kvarandre når dei dansa. Ikkje slik som på dans no for tida, der eg har forstått at folk dansar for seg sjølve og med seg sjølve. Kanskje har det noko med at i dag tek me på kvarandre heile tida; klemmar vankar det tidt og ofte. Til og med karar er på klemgaleien med kvarandre. Slik sett er det berre logisk at folk dansar åleine når dei er på dans no for tida. Med all den kroppskontakten som dei opplever i dagleglivet, kan det vera greitt å sleppa slikt når ein er på dans og skal kosa seg, med seg sjølv.
 
Men attende til den tida då dansing ofte var den einaste påskotet ein hadde for å få kroppskontakt med det andre kjønnet, i alle fall når andre såg på. Somme gonger heldt gut og jente saman på ein måte som om begge to var redde for å brenna seg. Det vart nok ikkje mange dansane av slikt. Ein annan gong var karen så nærgåande at eg såg jenta stoppa tvert opp, trampa i golvet, snudde seg på hælen og forsvann ut. Ikkje mykje bryllaupsspeling å spora der i garden, nei. Men det hende nok at me kunne ana bryllaupsspeling i ei framtid, spesielt når me såg korleis det drog seg til i dei tre siste dansane.
 
Det var ikkje mykje likestilt oppbyding til dans. Jentene baud sjeldan opp. Dei måtte i staden sitja og venta på at nokon kom og ville ha ein dans. For dei fleste ordna det seg nok greitt med dansing. Det kunne likevel gå slik som eg fekk fortalt nyleg. Ho var ikkje særleg lysten på å dansa, men sat no i benkerekkja i lag med dei andre jentene. So kom det ein kar og baud opp. Det kom nok litt uventa på, og litt forfjamsa stotra ho fram: «Det er kaldt og myrkt, og so veit eg ikkje heilt». Danselysta kvarv frå den oppbydande karen. Om ho nokon gong fann ut at det var ljost og varmt nok til å våga seg frampå i ein dans, seier soga ingen ting om.
 
Kanskje var ho mellom dei, både jenter og gutar, som vandra heimatt om natta med ein liten sår klump i magen. Dansing hadde det ikkje vorte så mykje av, og i alle fall ikkje med den som ein hadde vona då ein tidleg på kvelden hadde gått inn døra på ungdomshuset. Kanskje var ho mellom dei som sette seg ned med Ønskekonserten på måndagskvelden. Der kunne ho pensla kjenslene med  «Only you» og Prøysens «Du skal få en dag i mårå», medan ho tenkte at neste laurdag er det dans i grannebygda.  Me på scenekanten såg dei var der i salen. Dei sat trugne på sidebenken, og ofte gjekk dei einslege ut døra når dansen var over. 

Salen tømdest for folk, og det gjekk ikkje lydlaust for seg. Somme av karane hadde fyrt opp litt vel mykje og måtte stundom ha hjelp ut i fri luft. Me på scena var fullt opptekne med å pakka saman instrument og forsterkarutstyr.  For oss stod det att å krypa inn i soveposar bak på scena eller fylgja heim til vertskapet som skulle hysa musikken. Sutalause tider i grunnen, der ein kunne betrakta livet, leiken og dansen frå ein scenekant.