Kategoriarkiv: Hardanger-minne

Formor Kari

I Hardanger har me hatt ættarbøker og bygdebøker i godt over 100 år. Me er difor vane med å kunna finna opplysningar om forfedrane våre. Heime stod ættarbøkene på ein plass der far kunne sjekka opplysningar om folk i grendene. Det gjorde han ofte.

«Forfedrar» har me lært oss til å bruka. «Formor» og «formødrer» er vel knapt i bruk, sjølv om ordet finst i ordbøkene. Ei av formødrene mine har eg lagt spesielt merke til. Det er ei av «5-tipp-oldemødrene» på farssida, ho Kari Larsdotter Aga (1680-1763), som vart gift til garden Espe i Sørfjorden. Espe ligg eit stykke ut i fjorden frå Odda, for dei som ikkje er lokalkjende. Det var nok eit giftarmål som vart snakka om i bygdene, både i samtida og seinare. Det hadde seg slik at at ein av dei rikaste karane i fjorden, Halldor Arnesson Nå (1629-1708), eigar av mange gardar, drivande forretningsmann, lensmann, kyrkjeombodsmann m.m. var barnlaus då kona døydde frå han då han var 74 år. Då hadde han budd på Espe i over 30 år. Skyldfolka hans såg no for seg at dei snart skulle få dela ein klekkeleg arv. Men han Halldor hadde andre tankar. Han sende ein belegut over fjorden til Aga, og bad om å få gifta seg med ho Kari, som då var 24 år gamal. Dei sat godt i det på heimegarden til Kari òg, og foreldra hennar tykte nok at å koma i familie med kanskje den rikaste mannen i fjorden, var freistande. Dei slo til. Kari sjølv var nok mindre mota, men gav etter. Ho skulle fylgja den komande ektemannen sin på vegen ned til robåten, då han skulle heimatt til Espe. Dei måtte gå på ei klopp over ein bekk, og det vert herma etter henne at ho tenkte: «Gjev at han datt uti!»

Giftarmålet gjekk som planlagt, og jammen kom det ein odelsgut òg, Ola Halldorsson Espe (1707-1782). Ola miste far sin berre eitt år gamal. Ho Kari gifte seg oppatt straks etter og fekk fem born med den nye mannen, Tobias Olson Helleland (1685-1760). Soga seier at at ho Kari den gongen gifte seg med den ho eigenleg ville ha. Ho overlevde den andre mannen sin med tre år.

Kari vart formor til ei slekt på Espe, kjende som dyktige og driftige handelskarar og hestehandlarar med sterk sans for pengar og rikdom. Odelsgutane heitte skiftevis Halldor og Ola heilt opp til vår tid. I bygdeboka er det karane som vert nemnde særskilt i slike samanhengar. Hadde ikkje Kari som 24-åring retta seg etter sterke oppmodingar frå foreldra om å gifta seg med ein 50 år eldre mann, hadde ikkje den kjende handelsfolkslekta på Espe vakse fram. Og korkje besto mi eller eg, for den del, hadde eksistert. Slekter er fyrst og fremst resultat av lange rekkjer av tilfeldige hendingar.

Share

«Gje meg ein h!»

«Gje meg ein h!» sa han far. Me sat på ungdomshuset Krossvoll på Lofthus og spelte til dans på ein bygdafest; han på hardingfele og eg på piano. Fela måtte stemmast att, og eg slo laus på h-en so far kunne høyra tonen gjennom omen av folk i godlag, ventande på ein ny danseslått.

«Gje meg ein h ein gong til!» sa han far, medan han streva med å få strengen til å sitja. «Helsikes vrang i kveld, den kvarten,» sa han far. Han likte ikkje å ha lange pausar mellom dansane når stemninga på dansegolvet var god.

«Gje meg ein h!» sa han far. Han hadde lært meg å basa til fela på piano. Enkelt var det, berre reine akkordar, ikkje eingong ein septim-akkord.

«Er det bra no?» spurde han far. Han strauk over strengen medan eg på nytt slo på h-en. Etter nokre kontrollerande drag over strengene kom det kort og konsist: «Me spelar ei polka», og sette i gang. Folket på golvet fylgde med, dei lét seg dra inn i ein drivande danserytme med skikkeleg dynt.

«Gje meg ein h!» sa han far og lærte meg at harding-lyden av gamaldans, runddans eller valsa-spel er hardingfeler i lag med piano.

Share