Kategoriarkiv: Knekkprosa/dikt

Det finst aldri gode svar

Det finst aldri gode svar
som kan rettferdiggjera
at born vert drepne
i krigshandlingar,
krig er vanvitshandlingar
utførte av vaksne,
krig medfører berre tap,
tap av menneskeliv,
tap av materielle gode,
tap av medkjensle og omsut,
tap av menneskeverd;

døde born i krigshandlingar
øyder framtidssamfunnet,
dei er brutale vitnemål
om at manneætta ikkje maktar
å innretta seg etter prinsippet
om fredeleg sameksistens.

midt i alt kaos og vanvit
kan eit reportasjefoto
vera ei ørlita von,
foto viser to djupe, mørke barneaugo
der ein kan ana ein liten smil,

berre borna får leva opp,
frie frå krig,
kan kanskje framtida
verta litt ljosare,
men jammen skal ein kjempa hardt
med mykje godvilje
for å skimta voner
i slike dagar.

Gløymde stavar

Ungdomstankar herjar med hovudet,
det var for seint å snu
då me kom på at me hadde
gløymt stavar
på veg oppover
ei bratt li,
målet var ein nut,
som ein harding heller ville
ha kalla
ein skarvnakke,
der han ligg opp i
skogen,
nesten berre synleg
frå vatnet,
bratt er det likevel
opp til «nuten»,
bratt oppover
gjev bratt nedover,
og då merktest at
kne og lemer
ville hatt nytte
av dei gløymde stavane,
med tida til hjelp
kunne me likevel
stiltra og sjåltra oss
nedoverbakke,
velberga og nøgde
kunne ta imot smilen
frå skritteljaren,
nok ein gong
hadde skrotten funne
seg i
at tankane ikkje alltid
er like realitetsorienterte.

Og takk for det!