Kategoriarkiv: Ukategorisert

Dagar

Det er ikkje ein dag utan at det er ein dag. Ja, eg meiner at det er ein dag der noko spesielt skal markerast. FN-systemet er meistrar i å finna på markeringsdagar. Her om dagen, 1. oktober, var det den internasjonale eldredagen. Storarta på mange vis. Eg fekk vera med på ei god tilstelling med song, musikk og framifrå informasjon som me eldre har godt av å høyra og vita, berre me hugsar det. Å kunna møtast var ei storhending i seg sjølv, i alle fall i ei tid der corona-bakteppet enno heng der, godt synleg.

Heile 172 internasjonale markeringsdagar har FN «ansvar» for. Dei må godkjennast av hovudforsamlinga i FN. Når ein ser på lista, får ein eit godt inntrykk av det vide og varierande interesse- og meiningsinnhaldet i det globale fellesskapet. Det er mange viktige og høgverdige saker som gjennom markeringsdagar får ekstra og fortent åtgaum.

Minst like interessant som sjølve lista er kva markeringsdagar som når fram i mediebiletet. Eldre-dagen er sikker i så måte. Kommunale eldreråd, frivilligsentralar og eldreorganisasjonar syter for at eldredagen vert markert i bygd og by med medieomtale, i alle fall i lokalpressa. Kanskje fekk lærardagen 5. oktober også litt merksemd. Derimot var det nok knapt nokon som la merke til at 3. oktober var internasjonal dag for ikkje-vald.

No ser eg fram til den internasjonale statistikkdagen 20. oktober. Det vert nok tema for debatt i Dagsnytt 18.

Share

Einsleg vott

Det ligg ein einsleg vott på hylla, har lege der ei stund. Den andre votten har ikkje dukka opp. Hadde den einslege kunna snakka, hadde me fått ei syrgjeleg soge om ein skøytelaus votte-eigar. Ein vinterkveld gjekk han heimover etter eit lystig lag, kjende glede og varme i kroppen. Vottane låg i jakkelommene, der låg ogso telefonen. So skjer det som ofte skjer når nokon er glade og lystige i vinterkvelden. Gleda må delast med nokon andre i ei telefonsamtale. Han triv etter telefonen, merkar ikkje at den eine votten fylgjer med og fell ned på vegen. Den falne votten ligg og ser at eigaren fjernar seg meir og meir. Til slutt ligg votten heilt åleine på den hardtrampa snjoen i vegbanen. Votten er fin, mønsterstrikka i Sandnes-garn. Han spurdest aldri meir.

Eigaren oppdagar ikkje vottetapet før dagen etterpå. Han fattar ikkje kvar han har lagt frå seg votten. Ringjer til verten for det lystige laget, men der er ingen vott. Sukkande legg han den attverande votten i ei hylle. Tenkjer på at det var siste votteparet mora laga til han før ho brått døydde.

Att ligg ein einsleg vott i ei hylle. Kvar gong eigaren passerer forbi, vert han mint om at det manglar ein vott. Hadde den einslege votten kunna snakka, hadde han med alvorleg røyst formant eigaren om at vottar i lag med telefonen i same jakkelomme er å spela russisk rulett med eit kvart vottesamliv. Og det ser ut til at einslege vottar er ekstra einsame.

Share