Kategoriarkiv: Ukategorisert

Kvardagsglede

I det programmet eg brukar for å skriva tekstar til bloggen min, Jakobs bok, er det ein funksjon som viser kva søkjeord som fører lesarar inn på bloggen. Her om dagen var det ein person som hadde søkt på ordet ‘kvardagsglede’ og hamna på bloggen min. Om vedkomande fann kvardagsglede då han kom inn på bloggsida, står det ingenting om. I og for seg er det like greitt.

I tankane byrja eg å kverna litt med ordet ‘kvardagsglede’. Kva er det som gjev meg opplevingar av glede i dei slentrande kvardagane som passerer forbi? Kanskje kan det vera den enkle helsinga «Velkommen» som møter meg kvar gong eg slår på datamaskina. Sjølv om det i grunnen er ei dum maskin som sender ordet «Velkommen» inn på skjermen min, er det triveleg å leika litt med illusjonen om at nokon der ute helsar meg velkomen. Det er noko eige med enkle ord med positivt innhald, til og med når ei dum maskin er avsendar. Sjølvsagt slår fleire delar av kjensleregisteret inn når det er to blåe augo i eit andlet på skakke som strålar «Velkomen» mot deg. Likefullt kan velkomsthelsinga på ein dataskjerm medverka til å oppleva ei enkel, lita kvardagsglede. Det enkle kan stundom vera nett det som trengst.

Student

Det eldste barnebarnet skal byrja som student i Bergen, på universitetet, 54 år etter at eg sjølv flytta inn i ein kjellarhybel på Laksevåg for å starta med studiar. Heile siste året på gymnaset i Øystese hadde eg sett fram til å gå inn i studieverda. Er nesten litt misunneleg på barnebarnet der han no går inn i spennande år for å ta for seg av lærdom, kunnskap og samhandling med medstudentar og lærarar.

Litt rart å tenkja attende på kva som har skjedd desse 54 åra mellom studiestart og noverande pensjonistliv. Ein ting er heilt sikkert: eg kom ikkje inn i den karrierevegen eg trudde, då eg skreiv den fyrste søknaden min til Lånekassen om lån og stipend. Lektor på gymnaset var målet då eg starta. Både samfunnet og eg sjølv skal vera takksame for at så ikkje skjedde. Også barnebarnet mitt vil sikkert oppleva at jobb etter avslutta utdanning kan verta noko heilt anna enn det han måtte tenkja i dag.

Eg var nok ein grå og kjedeleg student. Var lite og inkje med i studentlivet. Det sosiale livet hadde eg i folkedans- og folkemusikkmiljøet i dei to ungdomslaga den gongen, Ervingen og Bondeungdomlaget. Oversiktleg og trygt miljø. Tidleg giftarmål gjorde òg at studiane vart meir som eit arbeid med fast «kontortid» for forelesingar og lesesalsopphald. Det er all grunn til å tru at barnebarnet vil ha eit heilt anna studentliv enn besten sin.

Ein liten nostalgisk detalj er kjekk for besten å tenkja på. Med på flyttelasset til Bergen fylgjer ein skrivepult i teak. Pulten kjøpte eg i ein møbelforretning i Kong Oscarsgate då eg flytta på hybel på Laksevåg. Skrivepulten har sidan fylgt oss rundt i Norge og Sverige til han no på nytt skal gjera teneste som eit fast punkt for lesing og skriving for ein ung student i Bergen. Livssirklane kan vera mangarta.