Regnventedag

Ein merkeleg dag,
venta på regnet
som ikkje kom,
det var lova,
tydeleg merkt
på vêrkartet,
meteorologen såg alvorleg
på oss i fjernsynsruta,
kunne verta store nedbørsmengder,
sa meteorologen,
me trudde på meldinga,
planla for mykje nedbør
som aldri kom,
sit litt vonbroten,
kjenner seg lurt,
kan setja blomepotter ut att,
grasbakken er like brun,
eit tilsig av gråe skyer
på kveldstid
endrar ikkje fasit:
det lova regnet
kom ikkje,
me vart lurte.