Stikkordarkiv: feil

Feil

Feilen i seg sjølv
er ikkje det verste,
det er det at ein gjer feil,
som svir,
det å vera so tankelaus
at ein ikkje dobbelsjekka,
at ein trudde det var rett,

ein skal ikkje tru at noko
er rett,
ein skal vita,
og kunnskap får ein
når ein sjekkar og kontrollerer,
helst ein gong meir
enn det trengst

so kan ein hengja seg ei
stund på floskelkroken
der det står at
det er menneskeleg
å gjera feil,
ei mager trøyst
når feilen gliser
mot ein med
funklande augo

neste gong ein gjer feil,
er det same runden,
lærdom om feil er
lett å gløyma.

Dei lytefrie

Skriv søknad om opptak til
den flokken som er so
inderleg sikre på at andre
gjer feil,
store feil,
den flokken som fortel
feilarane kor dumt dei
oppfører deg,
som i opphøgd posisjon
viftar med den moralske fana,
vil ha feilarane bort,

denne flokken av fullkomne
samfunnsborgarar
skålar for det lytefrie
samfunnet,
kvar gong dei har identifisert og
fjerna ein feilar.

har ofte misunnt
den lytefrie flokken,
dei verkar so lukkelege
og veltilpassa i samfunnet,

er nesten ferdig med opptakssøknaden,
trekkjer pusten to gonger,
sukkar, stengjer skriveprogrammet,
kjem til same konklusjon som tidlegare:
eg kjem aldri til å nå eit slikt lytefritt liv
at eg kan fortelja andre om alle feila
dei gjer,
eg har meir enn nok
med eigne feil.