Stikkordarkiv: Harald Hvarfners minnestipend

24. oktober – eit 40-års minne

Inngangspartiet til Nordiska Museet. Foto: Magne Velure

Den 24. oktober er minnedagen til to organisasjonar, som ikkje utan vidare kan samanliknast. FN vart grunnlagd 24. oktober i 1945, då FN-pakta vart vedteken av 51 land. Seinare har FN utvikla seg til den viktigaste multinasjonale organisasjonen me har, trass i alle manglane organisasjonen har med tanke på å ordna sameksistens mellom medlemslanda.

Den 24. oktober er òg grunnleggingsdagen for Nordiska Museet i Stockholm. Artur Hazelius (1833-1901) opna 24. oktober 1873 dørene til utstillinga Skandinavisk-etnografiska samlingen på Drottninggatan. I 1880 omorganiserte Hazelius samlingane til Stiftelsen Nordiska Museet. I dag tenkjer me fyrst og fremst på det staslege hovudbygget som ligg på Djurgården. Det vart reist i åra 1888-1907.

I jubileumsåret 1973 vart Harald Hvarfner (1926-1975) «styresmann», som leiaren/direktøren for Nordiska Museet har heitt i alle år. Han var ein karismatisk og dyktig museumsleiar som diverre døydde altfor tidleg i 1975, berre 49 år gammal. Museet etablerte eit minnestipend etter Harald Hvarfner. Det vart i ein del år delt ut til prosjektsøknader. Stipendet skulle delast ut 24. oktober på Nordiska Museet, og mottakaren skulle halda eit foredrag som motyting. Det ville seg slik at i 1983 var eg den heldige som fekk stipendet. Eg hadde søkt om midlar til å sjå nærare på korleis svenske museum hadde samla seg om samtidsdokumentasjon, eller SAMDOK som forkortinga var.

Utgangspunktet for SAMDOK var at svenske museum hadde vorte sitjande fast i ein innsamlingspraksis, der dei på nytt og på nytt samla inn gjenstandar frå det førindustrielle samfunnet. Dei streva med å få grep om eit gjenstandsmateriale som representerte industrisamfunnets masseproduksjon. SAMDOK var eit svar på dette. Dels var det snakk om å gå inn i samtida med meir problemorientert dokumentasjon og innsamling. Dels stod SAMDOK for samarbeid og samordning.

I åra 1974-77 hadde eg vore tilsett som intendent på Folkminnessamlingen på Nordiska Museet. Då hadde eg kome i direktekontakt med SAMDOK-arbeidet i museet. Dels som deltakar i eit prosjekt om finsk arbeidsinnvandring til Sverige, og dels i eit prosjekt om dagsaktuell jordbruksdrift i Oviken, Jämtland. I 1977 fekk SAMDOK-arbeidet eit sekretariat ved Nordiska Museet. I fleire år framover vart samtidsdokumentasjon det store «nye» i innsamling og dokumentasjonsarbeid, ikkje minst internasjonalt. I prosjektet som eg søkte om stipendmidlar til, ville eg sjå på korleis samarbeidet mellom musea var organisert, korleis det fungerte og kva resultat som hadde kome ut av SAMDOK-arbeidet. Våren 1984 brukte eg to veker på å reisa rundt til svenske museum og intervjua leiarar og medarbeidarar om SAMDOK-innsatsen deira. I tillegg hadde eg heile tida etter at eg kom attende til Noreg i 1977, hatt tett kontakt med tidlegare kollegaer på Nordiska museet.

På markeringsdagen 24. oktober 1983 heldt eg eit foredrag som òg gjekk inn i eit samtidsdokumentasjonsperspektiv. Folkminnessamlingen hadde fått inn eit omfattande brevmateriale, der lesarar av vekebladet «Husmodern» skreiv inn til ein spåmann, Heikki Vesa, og bad om hjelp. I førelesinga presenterte eg førebels resultat av ein analyse av dette materialet. Eg hugsar at ho som skulle presentera meg på førelesinga, bad meg snakk seint og tydeleg; det var ikkje sikkert at alle i salen var vane med nynorsk.

Når eg no har gått litt attende både i minnet og i publikasjonar, har eg òg sett litt på korleis det har gått med den høgprofilerte SAMDOK-innsatsen i svenske museum, slik me kunne observera det, spesielt på 1980- og 1990-talet. Både organisering og sekretariat eksisterte frå 1977 til 2011. Då vart det avvikla og erstatta av DOSS – Dokumentation av Samtida Sverige. Det er eit nettverkssamarbeid for tilsette som arbeider med samtidsdokumentasjon i museum og arkiv.

Slik eg forstår det, er ikkje sjølve institusjonane verksame i DOSS. No er det interessa og innsatsen til einskildpersonar som er drivkrafta i arbeidet. I kva monn SAMDOK-tankane frå pionertida – meir problemorientert innsamling og dokumentasjon – er integrerte i innsamlings- og dokumentasjonsarbeidet i svenske museum i dag, er ikkje godt å seia, sjølv om den siste leiaren for SAMDOK-sekretariatet, Eva Fägerborg, hevda – i 2006 – at SAMDOK-tankane er integrerte i museumspraksisen ved mange museum og ikkje berre ei innovativ nyorientering. I viss monn kan det kanskje hevdast at ICOMs komité for innsamling, COMCOL, har teke opp både nye og gamle SAMDOK-tankar.

På norsk jord vart det i 2006 etablert ein sekretariatsfunksjon på Maihaugen for eit Samtidsnett for museum som arbeider med samtidsdokumentasjon. I åra 2006-2009 finansierte Kulturrådet eit fellesprosjekt, På sporet av den tapte samtid. Dei seinaste åra har det vore relativt stille rundt dette nettverket, sjølv om det i åra 2018-2021 vart gjennomført eit prosjekt Minner – samlingsted for samtidsdokumentasjon. Eg er redd det enno er rett å hevda at mange av dei kulturhistoriske musea i 2020-åra har like lite grep om masseproduserte gjenstandar som dei hadde på 1970-talet. I staden har mange av institusjonane konsentrert seg om alle problema som dei har med det eksisterande materialet i musea, og der dominerer gjenstandar frå det førindustrielle samfunnet, både i magasina og i utstillingane.

Litt i kontrast til samtidsdokumentasjonspraksis i musea er det interessant å observera at Arkivverket i perioden 2013-2017 etablerte eit SAMDOK-prosjekt, tilsynelatande kledeleg uvitande om forløparen i museumsfeltet frå 1970-talet. I Arkivverket var SAMDOK-prosjektet eit svar på m.a. Riksrevisjonens kritikk om manglande samarbeid og samordning mellom ulike aktørar i arkivfeltet.

Innlegget med kjeldetilvisingar kan lesast her:

24. oktober

Share