Stikkordarkiv: huset

Huset

Huset er berre ein tilhaldsstad,
trur me,
huset gjev oss berre ly og livd,
seier me,
huset er berre ein arkitektonisk konstruksjon,
tenkjer me,

på veg ut
av huset
oppdagar me at
frå kvar kvadratcentimeter
siv det ut minne,
små brokkar av levd liv,
fysiske rammer for
samliv og sosial omgang,
visuelle knaggar for minne
om lått og gråt

i det me snur ryggen
til huset,
vandrar ut i nytt terreng,
sprengjer huset seg inn
i minnesansane,
fortel at huset var mykje meir
enn ein tilhaldsstad,
huset var ein heim.

Gravityscan Badge

Share