Stikkordarkiv: Nordiska Museet

Studietur for 50 år sidan

Våren 1971 var eg flittig student ved Universitetet i Bergen og midt inne i skriveprosessen med magistergadsavhandlinga om fossegrimen og nøkken. Eg hadde fått oversyn over tradisjonsmaterialet i Noreg. Det neste var å orientera seg i dei nordiske landa. Eg avgrensa meg til trykte tradisjonssamlingar. Unntaket var Sverige. Eg hadde fått god kontakt med Bengt af Klintberg og Carl-Herman Tillhagen (1906-2002), to av dei leiande folkloristane i Sverige på den tida. Begge hadde vore gjesteførelesarar i Bergen. Tillhagen var leiar for «folkminnessamlingen» på Nordiska museet, og han inviterte meg til å koma for å sjå gjennom det omfattande arkivmaterialet han hadde ansvaret for. Med eit lite reisestipend frå Universitetet kunne eg i månadsskiftet april-mai setja meg på fly frå Bergen på den fyrste studieturen nokosinne til Stockholm. Eg skulle bu hjå Tillhagen på Lidingö, eit fasjonabelt villa-område.

Carl-Herman Tillhagen var ein høgreist mann og framstod som ein sjølvtrygg patriark. Den fyrste morgonen me kom til kontorlokala på Norr Mälarstrand, gløymer eg aldri. Det arbeidde 20-30 personar der med å skriva tradisjonsmateriale, både prenta og uprenta, over på arkivkort. Desse korta vart så plasserte inn i det store avskriftarkivet som Folkminnessamlingen var kjend for. Då Tillhagen og eg kom ut av heisen i tredje etasje, stod heile personalet oppmarsjert på begge sider av ein korridor. Arbeidsleiaren, ein eldre, pertentleg herre, sa høgt ut i rommet «God morron, dr. Tillhagen!» Dei andre stemde i med same helsinga medan dei bøygde seg djupt for sjefen som skreid gjennom gangen og låste seg inn på kontoret sitt. Dette skjedde kvar morgon. Eg observerte, men kommenterte ikkje.

Eg fekk ein arbeidsplass rett ved det store kvelvet, der arkivmaterialet vart oppbevart. Der gjekk eg gjennom eit omfattande materiale om «näck» og «forskarl», og gjorde dei notatata eg meinte var nødvendig for oppgåva mi. Eg måtte skriva av sjølv det eg skulle ha, kopimaskin var ikkje aktuell.

Veka som studiegjest hjå ekteparet Tillhagen var ei spesiell, men hyggeleg oppleving. Han sjølv var lett å samtala med i den meining at han som oftast stod for både argumentasjon og konklusjon. For ein uferdig student var det absolutt lærerikt. Lite ante eg at eg tre år seinare skulle låsa meg inn på kontoret hans som intendent og leiar for Nordiska museets folkminnessamling. Men då var det slutt med morgonoppstilling i korridoren. Det er ei heilt anna soge som skulle vara i tre år.

Share

Formande år

Dei færraste av oss er vel så uformelege at me ikkje lèt oss påverka og forma heilt til me er langt oppe i åra. Eg har rettnok høyrt om somme som er meir som trolldeig; lett formelege i ein kort periode, men stivnar deretter heilt. Berre materialtrøyttleik får dei til å smuldra opp. Sjølv har eg aldri møtt dei, trur eg.

Departementsbyråkratar må vera spesielt lette å forma. Dei må vera budde på å snu 180 grader alt etter som regjeringar kjem og går. Sjølv har eg opplevt å skriva stortingstekst mot å innføra eit tiltak. Fire år seinare fekk eg oppdraget med å skriva eit dokument for å innføra det same tiltaket. Slike gonger undrar ein på om ryggsøyla har gått i oppløysing, og om ein vert halden oppreist av ei ekstra tjukk formuleringshud.

Nok om det. I yrkessamanheng ser eg i ettertid at tre år ved Nordiska museet i Stockholm vart formande for det museumssynet som seinare vart botnplanken i museumsverksemda mi. Stillinga som leiar for Folkminnessamligen ved Nordiska museet vart lyst ut nordisk i 1974, og eg var den heldige. Eg var nok ein eksotisk fugl på mange måtar; nynorsktalande og -skrivande harding med sterk fagleg påverknad frå tysk Volkskunde, finsk folkloristikk og amerikansk kulturantrologi. Nordiska museeet opplevde ei sterk fagleg utvikling på 1970- og 1980-talet, og eg var heldig og fekk vera med på ferda. Rimeleg raskt vart eg dregen inn i ulike dokumentasjons- og forskingsprosjekt. M.a. var eg med på eit omfattande prosjekt som dokumenterte livet til finske arbeidsinnvandrarar i Sverige. Dessutan var eg med på eit mangeårig prosjekt som såg på livet som jordbrukarar i Jämtland. Eg fekk eit fagleg nettverk både i Sverige, Danmark og Finland. Dette nettverket hadde eg stor nytte av i heile den perioden eg var aktiv på ulike museum.

Dei tre åra på Nordiska museet var viktige for det grunnsynet eg har hatt – og har – på museumsarbeid: Museumssamlingar er fyrst og fremst kjeldemateriale som skal analyserast og tolkast med sikte på å få ny kunnskap om samfunn, liv og livsformer. Dette kjeldematerialeperspektivet har fylgt meg seinare. Samlingane er viktige som vitnemål om levd liv. Når eg framhevar kjeldeperspektivet, er det fordi eg anar ei endring i grunnoppfatninga av kva rolle museum skal spela i samfunnet. Ein pludrande seniorblogg er nok ikkje rette ramma for ein meir grundig diskusjon om slike grunnleggjande museumsspørsmål. Det vert difor berre nokre unyanserte observasjonar som uroar ei aldrande museumssjel.

Dersom eg i dag skulle «entra» norske museum med den ballasta eg i si tid fekk frå Nordiska museet, ville eg ha funne meg til rette? Eg tvilar på det. I aukande monn ser det ut til at eit kjeldeperspektiv på museumssamlingane vert bytt ut med det eg vil kalla ei kulturarv-skodde. Alt på museum har vorte kulturarv i våre dagar. Det er berre det at omgrepet ‘kulturarv’ er fullstendig ubrukande for å kunna tolka og forstå ei fortid. Det passar best for ukritisk og demagogisk dyrking av fortida. Kulturarv er noko ein hegnar om, pussar på og dyrkar. Ein litt svulstig, stundom tilbedande kulturarvsretorikk om museumssamlingar ser ut til å avløysa ein meir kritisk-analytisk omgang med museumssamlingar som kjelder til kunnskap. Det finst sjølvsagt heiderlege unntak, men hovudtendensen går i den dyrkande og tilbedande retninga. Tilbedande dyrking kan sjølvsagt gje stadfestande tryggleik for dei truande, men formar ikkje grunnlag for ny og relevant kunnskap.

Endring vil det alltid finnast, også i museum. Om all endring fører til ein betre og meir relevant kunnskap, er noko heilt anna. So lenge det har funnest museum, har difor museumsfossilar sett med uro på korleis endringar sveipar inn over museumslandskapet. No er det min tur.

Share