Stikkordarkiv: ordskrøyv

Nakne ord

Eg likar
enkle, nakne ord,
dei søkjer innåt kvarandre
for å vera mindre åleine
saman,
dei stryk uventa tonar
på strenger med
ukjende stille,
dei fjasfrie, avkledde orda
skjer seg inn
i skoddegrått medvit,
festar seg innimellom
alt ordskrøyvet
som i eino veltar inn
i hausen,
korthogne, nakne ord
kan stå støtt,
lenge.

Share

Smilen hans far

Han brukte ikkje store ord,
han far,
ordskrøyv og store fakter,
skryt og fjas
heldt han seg undan.

Smilen var han raus med,
han far,
når han møtte kjenningar,
når han høyrde godt spel
eller ein råkande replikk.

Han snakka med smilen,
han far,
smilen fortalde oss ungane
med varme og utan atterhald
at han var far.

 

Share