Stikkordarkiv: samfunn

Kommunal sparsemd

Det kan vera ei dygd å vera sparsam, å hushalda med ressursane. Me som vaks opp på 1940- og 1950-talet, fekk høyra dette tidt og ofte. No var det eigenlg ikkje nødvendig å minna oss ungane på det; realitetane gav oss ikkje andre alternativ enn å vera sparsame. Sannsynlegvis vart me ikkje dårlegare personar av det, sjølv om me aldri får testa andre oppvekstalternativ, heldigvis.
 
Kommunane strevar også med å vera sparsame. Lillehammer er ikkje noko unntak. I år har sparedansen kome tidleg på året. Forbruk og prognose indikerer at det kan gå ille på slutten av året. Noko må gjerast, spesielt sidan målet er eit lite overskot når året er omme, slik det sømer seg ein kommune som tek mål av seg å vera medarrangør for eit mogeleg vinter-OL i 2022, saman med Oslo. Reknearka er i livleg bruk i kommunen, dei raude tala skal bort. Hektiske byråkratar strevar med finurlege formuleringar, rettnok ikkje alltid like forståelege, men dei skal overtyda poltikarane om at dette og hint må reduserast for å få orden på økonomien.
 
Nokon har fått det for seg at dei gruppene som treng mest omfattande hjelp, har det for godt. Der kan det sparast. Årsverk skal bort, hjelpande hender skal verta færre, tiltak skal endrast. Eit konsulentfirma har funne ut at kommunen bør levera hjelpetenester «lavere i omsorgstrappen». Omskrive til klårtekst: folk som treng hjelp, får tenestene for tidleg og/eller med for høg kvalitet. Slik kan me ikkje ha det i ein kommune som Lillehammer. Rettnok heiter det i diverse kommunale dokument at ein ynskjer nøgde innbyggjarar i kommunen, men det får no vera måte på! Og dessutan, konklusjonar som ein betaler eksterne konsulentar for, er sjølvsagd ei høgare form for sanning.
 
Ein del tanketroll med tilhøyrande haldningar ser ut til å sitja djupt rotfesta i kommunale administrasjonar og hjå ein del politikarar. Nokon må gå rundt og tru at dei ordningane me som storsamfunn har fått på plass for å hjelpa sårbare einskildindivid, eigenleg er for mykje av det gode. Det er påfallande kor ofte mottakarar av kommunale hjelpetenester vert stempla som dei som øydelegg kommuneøkonomien. Det vert ikkje sagt så direkte som eg gjer her. Likevel, kvar gong forslag om å kutta tenester og hjelpande hender dukkar opp, sender dei krystallklåre meldingar til alle dei som er avhengige av kommunal hjelp for å kunna ha eit anstendig liv: Eigenleg er dei ei økonomisk bør for kommunen og for resten av fellesskapet. Eg høyrer allereie protestane: det er ikkje slik meint, og dei har heller aldri sagt noko slikt. Det er nok sant på si vis. Det er likevel slik at somme gonger ropar all den usagde bodskapen med tornadorøyst mot dei som vert råka. Finurlege formuleringar kan ikkje dempa og endra det.
 
Sjølvsagt kan Lillehammer kommune og alle andre kommunar  arbeida meir effektivt og smartare i måten dei utfører tenestene sine på. Ingen tvilar på det. Men slike øvingar skal gjerast meir eller mindre kontinuerleg, spesielt når tidene er gode. No ser det vanlegaste handlingsmønsteret ut til å vera at endring og fleksibilitet skal framtvingast i meir eller mindre akutte situasjonar, der hastverk ser ut til å vera den herskande strategien. Resultata ser me gong på gong; spareeffekten viser seg å verta mindre enn tenkt, eller i verste fall fullstendig illusorisk, fordi det hender noko som ein i farten ikkje hadde tenkt på.
 
Sparsemd er absolutt ei dygd på dei fleste område i livet. Men sparsemd må planleggjast, ikkje takast fram som ein panikkreaksjon når noko er i ferd med å gå gale. Sparsemd må liggja som eit avgjerande fundament for rasjonelle og føreseielege handlingar. Lett å skriva, ikkje fullt så enkelt å leva etter. Likevel, både i Lillehammer kommune og i andre kommunar burde det vera så mykje opparbeidd erfaring og kompetanse at me som innbyggjarar kan venta at sparsemd er eit grunnleggjande planleggingsprinsipp, ikkje berre overskrifta på meir eller mindre panikkarta handlingar. 

Denne gongen gjekk ikkje dei verste kuttforslaga i gjennom hjå politikarane, men dei kjem nok fram att, ver du sikker.
Share

NSA og eg

«NSA»! Eg sette meg opp i senga og såg dei tre bokstavane klart framfor meg. Det var midt på natta, ei tid då eg til vanleg søv og snorkar på normal vis. «NSA,» sa eg halvhøgt for meg sjølv, der eg sat i halvørska i senga. Kona mi trudde eg hadde funne på ein ny snorkelyd, og gav kontant melding om at eg måtte leggja meg over på sida slik at snorkinga slutta. Eg så gjorde, krølla meg i fosterstilling og tenkte stille med meg sjølv at no, endeleg, hadde eg funne svar på mysteriet.

Det heile starta etter at eg for kort tid sidan laga meg ein liten blogg, der eg kvar fredag legg ut små kvardagsytringar. Eg prøver å vera halvveges anonym og bruker det andre førenamnet mitt, Jakob. Etter ei tid fann eg ut at eg kan fylgja med på kvar i verda dei sit, dei som les tekstane mine. Forvitneleg kor mange i den store verda som les nynorsk: m.a. i Indonesia, Ukraina, Spania, Tyskland, Sør-Korea. Og så i USA då, uventa mange i USA. Fyrst trudde eg det kunne vera slekta mi i USA som fylgde med på meg. Dei bruker sjølve Velure eller Velleu som etternamn. Men dei veit nok ikkje om meg og mine, sjølv om eg veit om dei. Eg har aldri kome så langt at eg har kontakta dei for å visa korleis det såg ut i Holo på Velure, der oldeforeldra mine sat som strandsitjarar utan jord, med 10 born. Eg tvilar òg på om etterkomarane i USA etter tre sysken av farsbesten min nokon gong har lært å forstå nynorsk, iblanda dialektuttrykk frå Sørfjorden. Nei, det må vera ei anna forklaring på kvifor så mange i USA tilsynelatande fylgjer bloggtekstane mine.

Svaret kom den natta, som ei openberring. Sjølvsagt er det NSA som fylgjer med, dei fylgjer med på alt, til og med ein uhøgtidleg blogg på nynorsk frå langtvekkistan. Eg prøvde å finna ut om eg hadde brukt ord og uttrykk som kunna medføra at eg kan vurderast som ein farleg terrorist. Ein veit aldri. Men så kom eg til å tenkja på at det ikkje er sikkert at nynorskkunnskapane i NSA er heilt på topp. Kan henda er kunnskapane på nivå med dei du kan finna hjå elevar i vidaregåande frå Oslo vest. Då kan det tenkjast at dei vert fovirra når dei les om «besten», eller «sysla», «trivla», «stavra» eller andre ord som dei ikkje forstår. Alt som ein ikkje forstår, er potensielt farleg, det lærte eg tidleg, og slik tenkjer dei sikkert i NSA òg. Difor kan det henda at med så mykje uforståeleg i tekstane mine står eg på lista over mistenkelege nynorskbrukarar. Og bruker dei Google Translate på tekstane mine, forstår eg godt at NSA er skræmde; det er eg òg.

Brått slår det meg at no er det heilt sikkert at NSA vil registrera meg. Eg har skrive NSA åtte gonger og terrorist to gonger. Det er sikkert meir enn nok til å koma på ei eller anna liste over mistenkelege personar. Dei som er rundt meg, trur ikkje på teorien min. Det må vera grenser for kor innbilsk ein kan verta, seier dei. Ingen ville koma på å listeføra enkle tekstar på nynorsk. Irriterande ofte viser det seg at dei rundt meg har rett. Likevel vil eg fylgja ekstra godt med på korleis denne teksten slår ut på lesestatistikken frå USA. Året 2014 kan verta meir spennande enn eg nokon gong kunne drøyma om, sjølv om eg eigenleg ikkje er nokon drøymar, trur eg.

Share