Stikkordarkiv: tankar

Endelaus ljoslenkje

Dagar som kjem
og går,
tankar som sviv i
alle retningar,
kjensler som surrar i veg
på sitt vis,
stunder som glir undan
i same augeblinken
som me trur me har festa
grepet,
alt dette ugripande
som både er
og ikkje er,
held oss gåande
som ørsmå glimt i
eit ovstort mørker,
som ledljos i ei
endelaus ljoslenkje.

Somme er spørjande til
batterikapasiteten.

Share

Eg ser det eg ser

Eg ser det eg ser,
forstår likevel ikkje alltid
kva det er,
flimrande syner
trengjer inn i
eit uklårt medvit,
ferdigtenkte tankar
skyggjer for
ukjende konturar,
funderande slør stengjer ute
spirande tankefrø og
hildringa svæver meg inn
i ein tilstand av
trygg hjelpeløyse.
Det hjelper ikkje med
progressive briller,
heller ikkje denne
gongen.

Share