Stikkordarkiv: ynske

Klår i skolten

– Eg er klår i skolten,
sa gamlefar,
med ein brei smil
rundt munnen
og glimt i auga
smaug han seg raskt og annsamt
inn i arbeidet på garden,
han visste kven han var
og kva som skulle gjerast

å kunna vera
klår i skolten
er eit sterkt ynske
for nokon kvar
når dagar og år
samlar seg saman,

gamlefar viser veg,
held det gåande,
klåre skoltar
går ikkje ut
på dato,
– iķkje alltid.

Eg ynskjer meg stundom attende

Eg ynskjer meg stundom attende til tida
då berre klima var eit problem,
då ungdomen samla seg
for å få oss vaksne
til å vera fornuftige
og gjera framtida leveleg,

eg ynskjer meg stundom attende til tida
då berre atombomba var trugsmål
i ein kald krig,
då rett og rangt verka
so sjølvsagt og beint fram,

eg ynskjer meg stundom attende til tida
då ein betongmur fall
og me trudde at demokratiet
skulle sikra born og barneborn
ei ljos framtid,

no sit me her,
framleis med atomvåpen,
framleis med veksande klimaproblem,
i tillegg hatande, krigande
statsleiarar og
forvitrande demokrati,
alt er som ein uløyseleg knute
som trugar med å snøra av
ei veik ryggsøyle av
von,

no sit me her,
kjenner oss bleike og kraftlause,
veit at ingenting kjem attende,
veit at voner og ynske
må rettast framover,
at me må retta ryggen opp,
festa augo i det vesle ljospunktet
som kan skimtast der framme,
enno dukkar nymånen opp
med jamne mellomrom.