Femte etasje

Femte etasje gjev perspektiv
på livet,
det meste er der nede,
ein ser ned på dei som
går på gardsplassen,
har fugleperspektiv på bilane
som strevar med å følgja
parkeringslinjene,
ein udiskutabel
femte-etasje-kvalitet
er at snjoen kjem
ferdigmoka,
og det er nokon andre
som slår graset,
i femte etasje kan ein sjå rett fram
og ser då over andre tak,
ser åskantane i horisonten
og sola som går ned seint om kvelden
i Gausdalsskaret,
perspektivet i femte etasje
fortel også
at dei nye blokkene
eigentleg er to etasjar for høge,
det er vel slikt som vert kalla
perspektivrikt liv.

Share