Kategoriarkiv: Amerika-brev

«… her er smaat med fortjeneste imod hvad det er i America…»

I brevsamlinga som eg har etter besten min, Jakob Jonson Velure, (1863-1943), kjem eg  nær innpå synspunkt og tankar, av og til draumar, som brevskrivarane formidlar til besten min. Jakob-besten var i Amerika i perioden 1882 til 1891. Då han reiste i 1882, var han i fylgje med ein eldre bror, David Jonson (1853-1930).  David hadde reist over fyrste gongen i 1875 og hadde tydelegvis vore ein tur heim før han i juli 1882 tok med seg den yngre broren, Jakob-besten min. David returnerte til Noreg nokre år seinare, og i juni 1887 gifte han seg med Guri Olsdotter Edna (1862-1949) og slo seg til på Lofthus som skreddar.

David skreiv eit brev til Jakob-besten 4. desember 1887, eit knapt halvår etter at han var gift. Jakob -besten budde då i Cresco, Iowa. Det er heilt tydeleg at David funderer på å reisa attende til Amerika. M.a. lurer han på kvar han skal slå seg ned, dersom han reiser attende. Han klagar over at han arbeider mykje, men tener lite som skreddar i Lofthus-bygda: «… her er smaat med fortjeneste imod hvad det er i America…», som han skriv. Han skriv òg at han forstår at Jakob stundom lengtar attende til Noreg, men trur ikkje Jakob vil trivast sidan det er so vanskeleg  med «fortjenesten», som David snakkar om fleire stader i brevet. Interessant er det han skriv om at sjølv om ein kan klara seg bra i Lofthus-bygda, er det vanskeleg å vera heilt tilfreds «naar man har været i America».

Det vart ikkje tur attende til Amerika for David. Han vart verande i Lofthus-bygda som skreddar til han døydde i 1930. Han og kona fekk seks born. David tok namnet Opedal, der huset hans var sett opp. Den lokale uttalen av namnet David var «Daoe», og etterkomarane hans vart kalla «daoes-folket» heilt opp til våre dagar.

I 1892 var Jakob-besten komen attende til Noreg. Ein kamerat av han, Ole Lofthus, skriv i eit brev frå februar 1892 at Jakob snart må koma attende til Cresco. Ole skriv det meste av brevet på engelsk, iblanda eit og anna norsk ord. Det er heilt tydeleg at Jakob-besten hadde tenkt seg attende til Amerika, fordi Ole også spør kva han har tenkt å gjera med verdipapira han har i ein lokal bank. Han har høyrt rykte om at Jakob vil slå seg ned i Chicago når han kjem attende, men tilrår sterkt at han må koma attende til Cresco. Der er det gode prisar på skreddararbeid, og dessutan er det mange jenter som ventar på å verta gifte. Ole kan elles fortelja at det var mykje fest og moro i jolehelga. Ungdomane har starta opp att  ei «Ungdoms Forening», der Ole er «president». I andre brev frå Ole går det fram at han nok var ein lystig fyr.

Jakob-besten reiste heller aldri attende til Amerika. Til liks med broren David livnærte Jakob seg som skreddar i Lofthus-bygda til han døydde i 1943. To brør, begge frå strandsitjarhuset i Holo på Velure. Begge vart skreddarar, og begge var fleire år i Amerika som ungdomar. Begge vart verande på Lofthus etter dei gifte seg og fekk familiar. Begge bar kanskje på ein draum om å reisa attende til det store og lokkande landet der dei truleg hadde opplevt gode tider. Røyndomen vart eit skreddarliv i Lofthus-bygda. Stundevis var det nok strevsamt, men sannsynlegvis ikkje meir enn det var for mange andre i Sørfjorden dei fyrste tiåra av 1900-talet. Sut og gleda har det med å dukka opp hjå dei fleste, utan omsyn til tidsperiode.

Share

«…og da har her været dans nok i vinter.»

Bryllaupsbilete av Johannes Jonson Velure og Jane Jorgena Thompson

Bryllaupsbilete av Johannes Jonson Velure og Jane Jorgena Thompson

I tidlegare tekstar har eg vore innom amerikabrev frå oldefar min og at besten min, Jakob, (1863-1943), kom heim etter 10-12 år i USA og slo seg ned som skreddar i Lofthus-bygda i 1893-94. Overskrifta i denne teksten er frå eit brev som den yngste broren til besten, Johannes Jonsen Velure (1871-1942) skreiv i mars 1890 til besten min, som på den tida livnærte seg som skreddar i Cresco, Iowa. Den 19 år gamle Johannes gjekk i skreddarlære hjå svogeren sin, skreddar og spelemann Svein Lutro (1850-1929), som var gift med ei eldre syster til Johannes og besten min, ho Elsa (1857-1929).

Johannes fortel om ungdomslivet vinteren 1890. Etter dei vanlege innleiingsfrasene forsikrar han bror sin om at han «lever vel med Hilsen, untagen naar Vi har drukket os syge og det kan vi ikke skylde paa Vor Herre, thi han har ikke lagt Det paa os at vi skal drikke saa meget. Her har været meget med drik og dans i Vinter.» Johannes «skuldar» litt på ein gardbrukarson som hadde kome heim til jol etter fem år i Amerika. Det hadde vore dans både andre og fjerde joldag. I tillegg hadde dei dansa og festa trettandagshelga og kyndelsmesse, dvs. 2. februar. Ikkje nok med det: fjorten dagar etterpå var det nok ein dansefest, og då skriv han dette: «og da har her været dans nok i vinter.»

Ikkje veit eg om fem dansefestar i Lutro-grenda på to månader var mykje eller lite i 1890, men for Johannes kjendest det nok å vera i overkant. I brevet bed han elles besten min senda to skreddarvinklar til seg sjølv og Svein. Uvisst av kva grunn hadde skreddaryrket sterkt tak på syskena; tre av brørne vart skreddarar.

To år seinare strauk Johannes sjølv til USA, der han vart verande resten av livet. I USA brukte han namnet John. Han gifte seg med Jane Jorgena Thompson, som òg hadde norsk opphav. Dei fekk sju born: fire gutar og tre jenter. Ein av sone-sønene, dvs. tremenningen min, vart dommar i staten Oregon, der han m.a. vart kjend langt utover Oregon for å ha dømt ein mann til over 22 års fengsel fordi han hadde sett fyr på tre SUV-bilar for å gjera omverda merksam på den øydeleggjande verknaden bilbruk har på miljøet.

Når eg sit slik og les brevet frå 1890 og samstundes leitar meg fram til opplysningar om personane, er det lett å falla i funderingar om det store omskiftet som Johannes må ha opplevt frå han reiste i 1892 og til han døydde i 1942. Dei fyrste åra budde han i Cresco, Iowa, der Jakob-besten òg budde før han kom heim til Noreg i 1893-94. I eit brev frå 1900 til Jakob fortel Johannes nytt frå Cresco, men elles er han sparsam med opplysningar om familien, som på den tida talde fem medlemer. Johannes prøvde lukka som farmar i Nord-Dakota, men opplevde at det nybygde huset strauk med i ein præriebrann, og dei miste alt dei åtte. Etter ein kort periode som skreddar i Minneapolis, flytta han til vestkysten på 1920-talet, til Marshfield (seinare Coos Bay) i Oregon. Der etablerte han seg som skreddar på nytt. I minneordet i lokalavisa står Johannes omtalt som tidlegare sundagsskulelærar og aktiv i kyrkjelyden.

Lite visste den små-angrande festungdomen i 1890 at han bokstavleg talt skulle gjera  ei omfattande «reise»; fyrst til USA og til slutt tvers over dette kontinentet til ein småby ved vestkysten. Det er fascinerande å vita at eg har mange tremenningar «over there», både levande og døde, som er uvitande om slektningane i Noreg. Takk vere aukande tilgjenge til kjeldemateriale, kan eg spora dei opp. Kanskje tek eg kontakt med dei om ei stund, m.a. for å visa foto av det majestetiske fjellpartiet på Velure, der Johannes, saman med ni andre sysken, var fødd og oppvaksen i strandsitjarhuset i Holo. Det var lang veg frå Holo til Coos Bay, Oregon.

 

Share