“…og da har her været dans nok i vinter.”

Bryllaupsbilete av Johannes Jonson Velure og Jane Jorgena Thompson

Bryllaupsbilete av Johannes Jonson Velure og Jane Jorgena Thompson

I tidlegare tekstar har eg vore innom amerikabrev frå oldefar min og at besten min, Jakob, (1863-1943), kom heim etter 10-12 år i USA og slo seg ned som skreddar i Lofthus-bygda i 1893-94. Overskrifta i denne teksten er frå eit brev som den yngste broren til besten, Johannes Jonsen Velure (1871-1942) skreiv i mars 1890 til besten min, som på den tida livnærte seg som skreddar i Cresco, Iowa. Den 19 år gamle Johannes gjekk i skreddarlære hjå svogeren sin, skreddar og spelemann Svein Lutro (1850-1929), som var gift med ei eldre syster til Johannes og besten min, ho Elsa (1857-1929).

Johannes fortel om ungdomslivet vinteren 1890. Etter dei vanlege innleiingsfrasene forsikrar han bror sin om at han “lever vel med Hilsen, untagen naar Vi har drukket os syge og det kan vi ikke skylde paa Vor Herre, thi han har ikke lagt Det paa os at vi skal drikke saa meget. Her har været meget med drik og dans i Vinter.” Johannes “skuldar” litt på ein gardbrukarson som hadde kome heim til jol etter fem år i Amerika. Det hadde vore dans både andre og fjerde joldag. I tillegg hadde dei dansa og festa trettandagshelga og kyndelsmesse, dvs. 2. februar. Ikkje nok med det: fjorten dagar etterpå var det nok ein dansefest, og då skriv han dette: “og da har her været dans nok i vinter.”

Ikkje veit eg om fem dansefestar i Lutro-grenda på to månader var mykje eller lite i 1890, men for Johannes kjendest det nok å vera i overkant. I brevet bed han elles besten min senda to skreddarvinklar til seg sjølv og Svein. Uvisst av kva grunn hadde skreddaryrket sterkt tak på syskena; tre av brørne vart skreddarar.

To år seinare strauk Johannes sjølv til USA, der han vart verande resten av livet. I USA brukte han namnet John. Han gifte seg med Jane Jorgena Thompson, som òg hadde norsk opphav. Dei fekk sju born: fire gutar og tre jenter. Ein av sone-sønene, dvs. tremenningen min, vart dommar i staten Oregon, der han m.a. vart kjend langt utover Oregon for å ha dømt ein mann til over 22 års fengsel fordi han hadde sett fyr på tre SUV-bilar for å gjera omverda merksam på den øydeleggjande verknaden bilbruk har på miljøet.

Når eg sit slik og les brevet frå 1890 og samstundes leitar meg fram til opplysningar om personane, er det lett å falla i funderingar om det store omskiftet som Johannes må ha opplevt frå han reiste i 1892 og til han døydde i 1942. Dei fyrste åra budde han i Cresco, Iowa, der Jakob-besten òg budde før han kom heim til Noreg i 1893-94. I eit brev frå 1900 til Jakob fortel Johannes nytt frå Cresco, men elles er han sparsam med opplysningar om familien, som på den tida talde fem medlemer. Johannes prøvde lukka som farmar i Nord-Dakota, men opplevde at det nybygde huset strauk med i ein præriebrann, og dei miste alt dei åtte. Etter ein kort periode som skreddar i Minneapolis, flytta han til vestkysten på 1920-talet, til Marshfield (seinare Coos Bay) i Oregon. Der etablerte han seg som skreddar på nytt. I minneordet i lokalavisa står Johannes omtalt som tidlegare sundagsskulelærar og aktiv i kyrkjelyden.

Lite visste den små-angrande festungdomen i 1890 at han bokstavleg talt skulle gjera  ei omfattande “reise”; fyrst til USA og til slutt tvers over dette kontinentet til ein småby ved vestkysten. Det er fascinerande å vita at eg har mange tremenningar “over there”, både levande og døde, som er uvitande om slektningane i Noreg. Takk vere aukande tilgjenge til kjeldemateriale, kan eg spora dei opp. Kanskje tek eg kontakt med dei om ei stund, m.a. for å visa foto av det majestetiske fjellpartiet på Velure, der Johannes, saman med ni andre sysken, var fødd og oppvaksen i strandsitjarhuset i Holo. Det var lang veg frå Holo til Coos Bay, Oregon.

 

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

10 + seventeen =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.