Ei familiesoge frå 1890-talet

I ein tidlegare tekst skreiv eg om eit brev som eg har etter eine oldebesten min på farssida. Etter ein av oldebestane mine på morssida, Håvard Håvardson Urheim (1868-1898), har eg kopiar av fleire brev som han har skrive. Dermed kjem eg litt nærare inn på han, i alle fall på somme måtar, sjølv om det er rett å seia at han berre so vidt var innom slekta.

Håvard var yngste guten i ein barneflokk på fem. Breva etter han er frå åra 1886-1896. Dei er ikkje so mange, men gjev likevel eit inntrykk av ein livsglad ung mann med samfunnsengasjement. Breva er frå ein periode då han arbeidde som seljar/handelsmann i Nord-Noreg, og breva er stila til ein kamerat heime i Hardanger. Det er litt uklårt om han heldt seg i Nord-Noreg heile året, eller om han berre var der i periodar. Breva er sende frå ulike stader, fordi han reiste rundt og selde varer til fiskarar og fastbuande. Fleire av breva er skrivne på brevpapiret til handelsmannen Knut Saue i Harstad. Det kan tyda på at Håvard var tilsett i det firmaet.

Han skreiv på nynorsk, og det er ulikt andre brev frå den tida. Håvard fortel i 1895 at han har starta med eit leselag og mållag i Harstad. Han er svært oppteken av korleis det går med ungdomslaget i heimbygda. Det er tydeleg at han av og til sende tekstar heim til ungdomslagsbladet “Oskeladden”. I eit brev frå 1896 klagar han på at det var so mange unionsflagg som vart brukte under feiringa av 17. mai i Finkongkjeilen i Finnmark . Det var berre eitt reint norsk flagg å sjå, og det var det ein same som hadde.

Breva inneheld mykje vanleg radl, slik ein kan venta mellom to unge menn. Han vil gjerne vita om det har kome nye, spennande tauser på gardane i heimbygda. Heimlengten skin gjennom somme gonger, sjølv om han er tydeleg fascinert av naturen i den nordlege landsdelen. I eit brev frå april 1894 nemner han ei jente frå heimbygda, Guri Saue (1868-1946), opphavleg frå Voss. Ho hadde i 1880-åra flytta saman med familien til garden Tveit, som ligg på strekkja mellom Lofthus og Kinsarvik. (Guri var syster til Knut Saue, handelsmannen som Håvard hadde kontakt med eller arbeidde hjå.) Håvard fortel at ho Guri hadde mist mannen sin, handelsmann Nils Gregersen (1855-1894). Dei budde då i Kabelvåg. Håvard ordlegg seg slik at han eigenleg ikkje ankar so mykje på at ho Guri hadde vorte enkje.

Det har ikkje lukkast meg å finna opplysningar om når ho Guri gifte seg med Nils Gregersen, opphavleg frå Tvedestrand. Men eldste dotter deira, Anna Maria, vart fødd 9. oktober og døypt 26. oktober i kyrkja i Kinsarvik. Ei anna dotter, Gudrun Nilsine, vart fødd 9. januar 1894. Same dagen som Guri bar Gudrun til dåpen, 26. mars 1894, gravla ho mannen sin. Nils Gregersen døydde av “hjernebetendelse”, som det står i kyrkjeboka.

Tjuefem år gamal sat Guri som enkje med to små jenter. Ho flytte attende til Tveit, og fjerde joledag i 1897 gifte ho seg med Håvard Håvardson. I familieforteljinga vår heiter det at Håvard hadde eit godt auga til Guri i ungdomstida. Det kan i so fall kasta ljos over den småkryptiske formuleringa som Håvard hadde i brevet frå april 1894, då Guri miste fyrste mannen.

Lukka vart ikkje langdryg for Guri i andre ekteskap heller. Allereie i november 1898 måtte ho fylgja Håvard til grava. Han hadde falle utfor ein skrent på veg til Aurland og slege seg ihel. Handelsmann som han var, skulle han vel på eit oppdrag, og gjekk over fjellet til Sogn. Før ho var 30 år hadde Guri vorte enkje to gonger. Det einaste barnet til Håvard og Guri, Kristi, vart fødd i juli 1899. Ho vart besto mi på morssida, men det er ei anna soge.

Share

2 kommentarer til “Ei familiesoge frå 1890-talet

  1. Gerd Opedal

    Dette var kjekt å lesa. Det må vera fint å ha slik dokumentasjon frå tidlegare slekt. Dei kjem nærare når ein veit noko om dei. Og her vart det band heilt fram til vår tid. Eg kom på at Anna Kristin heiter etter di Kristibesta og mi Annabesta.

    Svar
    1. Magne Velure Innleggsforfatter

      Det stemmer, Gerd. Eg hugsar besteforeldra dine; dei var stundom på besøk i Hagjen til Oddvar og Rannveig.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

five × 2 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.