Kva skal barnet heita?

Det er tid for å slå saman kommunar. Det ser ut til å vera ei øving prega av motvilje og tvil mange stader. Men i Oslo sit statsråd Sanner og lokkar med ekstra pengar for dei som «forstår» at di større einingar kommunane kan verta, di meir «robuste», dvs. hardføre eller velfødde, tenester kan innbyggjarane venta seg. I denne tvangsgifteleiken må dei styrande i kommunane òg vera på jakt etter namn på dei nye, hardføre kommunane. Då er det interessant å sjå korleis ulike konstellasjonar posisjonerer seg for å få velklingande kommunenamn til den nye, velfødde kroppen. Det gjeld å sikra seg namn som har positive omdøme. Å ta eitt av dei eksisterande namna kan nok ofte vera venskeleg. Då vil to eller fleire kommunar måtta ta namnet til grannen. Ikkje like enkelt når ein har tidlegare kniving og småkrangel i minne. Då kan éi løysing vera å laga namn som er nye for alle dei eksisterande partane.

Ta no ei mogeleg samanslåing av Nord- og Sør-Fron og Ringebu. Dei slo til med Gudbrandsdal kommune. Skal ein sjå litt geografisk presist på saka, vil ein ev. slik kommune berre omfatta ein liten del av distriktet Gudbrandsdalen. Men pytt pytt, det går å hevda at dei tre kommunane utgjer indrefileten i Gudbrandsdalen, sjølv om mange av dei ni andre kommunane i Gidbrandsdalen vil protestera heftig på dette. Protestane melde seg temmeleg raskt.

I Hardanger er kommunane rundt Osafjorden/ Ulvikfjorden, Granvinsfjorden og Eidfjorden frampå med eit forslag om å gå saman til Hardangerfjord kommune. Det gjeld å vera fyrst å sikra seg Hardanger-namnet i ei eller anna form, fordi Hardanger er merkevarenamn, må vita. Kosteleg å sjå korleis dei tre kommunane, som ligg lengst unna Hardangerfjorden, prøver seg på denne måten. Eg reknar med at dei kommunane som verkeleg grensar til Hardangerfjorden, Jondal, Kvam og Kvinnherad, vil ha synspunkt dersom namnet Hardangerfjord skal flyttast til ein ev. ny kommunekonstruksjon langs småfjordane inst i Hardanger. At alle kommunane skulle gå saman om å skipa ein storkommune med namnet Hardanger, verkar å vera like sannsynleg som at det skulle dukka opp ein UFO i hagen neste veke.

I det heile skal det verta interessant å sjå korleis nye kommunar klarer å handtera namnespørsmålet. Det skal verta spennande å sjå kva konstellasjonar som vil lukkast i å bruka distriktsnamn som Gudbrandsdal, Hardanger, Valdres, Hallingdal, Numedal m.m. i ev. nye kommunar. Minst like interessant skal det verta å sjå i kva monn eksisterande kommunenamn vil overleva i nye kommunekonstruksjonar. Kanskje vert det slik at det er kjøttvekta som vil rå, dvs. at den kommunen som kjem med flest innbyggjarar inn i giftarmålet, også skal gje namn til den nye konstruksjonen. Mykje symbolkraft og identitetskjensler ligg og ventar på å koma til overflata. For dei av oss som kan sitja på tilskodarplass, kan det nok verta mange argumentgodbitar å lesa i lokalavisene.

Eg hugsar heite diskusjonar og nesten uvenskap mellom folk då Ullensvang, Kinsarvik og Eidfjord vart eitt herad i 1964. (Eidfjord vart eigen kommune att i 1977.) Eg kan hugsa gleda då den lokale folkeavrøystinga viste klårt nei til samanslåing, og like stor frustrasjon då resultatet likevel vart eit nytt, samanslått herad. Litt av det same kan ventast no med eit mogeleg resultat som kan verta mykje meir omfattande enn det som kom i 1964. Og namnespørsmålet vil nok ein gong verta viktig – omstridt og kjensleladd.

 

 

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.