Dei små mennene på Geithus

Dei fleste av oss har vel i barndomen sagt eit eller anna som har fylgt oss seinare i livet. Tittelen på denne teksten er noko eg opplevde sommaren før eg vart 5 år. Det hadde seg slik at sommaren 1951 ville far ta oss med på ein bilferie. Han hadde arbeidd som drosje- og buss-sjåfør før han begynte i det som seinare skulle verta Rikstrygdeverket. Han likte å køyra bil, men disponerte ingen sjølv på den tida. Det var rasjonering på bilar. Dessutan skulle han og mor spara pengar til eit nytt hus på Nybrot, der han hadde barndomsheimen sin. Det ordna seg likevel med bil. Han fekk låna ei varevogn av ein gardbrukar. Yngste syster mi måtte vera heime med ei moster, medan mor, far, ei yngre syster og eg drog i veg på biltur. Ein kan trygt seia at det var ein lågbudsjett-tur. Me fire sov i bilen. Maten vart laga på primus på stoppeplassar langs vegen. Sannsynlegvis kjøpte far noko mat i butikkar langs ruta, slikt som ikkje kunne stå seg i ein varm bil. Eg er ikkje heilt sikker, men trur at heile turen kunne vara 4-5 dagar.

Nokre minne er sterkare enn dei andre. Eitt er dei små mennene på Geithus, der me hadde ein stopp langs vegen. På ein fotballbane eit stykke i frå vart det spelt fotball. Det var fyrste gongen eg hadde sett nokon spela fotball. Det merkelege var at spelarane var vaksne, men små menn som leika seg med ein liten ball. Dei sparka til og med ballen høgt opp i lufta. Oppvaksen i bakkane i Hedlandshagen, der me såg over fjorden til Jåstad og Velure, hadde eg inga trening i å vurdera avstand i eit ope og langstrekt landskap. Difor opplevde eg desse fotballspelarane som små menn. Då eg kom heim, må eg nok ha fortalt levande om det eg såg på Geithus, for rett som det var, fekk eg høyra att soga om dei fotballspelande små mennene på Geithus.

To andre minne har sett seg fast frå denne enkle bilturen. I Hallingdal stoppa me for ein matpause. Det var regnvêr, men eg gjekk utanfor bilen og oppdaga plutseleg ei kolonne med motorsyklar. Oppå sat det personar i svarte køyredressar, store briller og polstra hjelmar av den gamle typen. Slike framtoningar verka nok litt skumle på ein forsiktig smågut.

Det siste minnet frå turen er eit besøk på Maihaugen. Eg hadde fått ei lita tromme, og den gjekk eg og slo på medan me vandra ut på området mellom dei gamle husa. Me var med på ei omvising i dei gamle husa, men det gjekk ikkje lenge før mor måtte ta meg med ut att. Det var myrkt og skummelt i dei gamle husa. Sannsynlegvis ville eg dessutan heller slå på tromma enn å høyra om korleis Anders Sandvig hadde bygt opp Maihaugen, og korleis det var å leva i husa «i gamle dagar». Trettifire år seinare verka ikkje Maihaugen å vera so skummel, likevel.

Ein enkel bilferie for 65 år sidan. Små og enkle glimt som illustrerer omfattande endringar sidan den gong. LIkefullt inneheld desse tre minna kjernen i det å reisa på ferie: å gjera noko annleis, oppleva nye, kanskje litt skumle ting, og til slutt ha noko å fortelja om når ein kjem heim. Meir skal det i grunnen ikkje til. Og opplevingsverdien av små menn på Geithus skal ikkje undervurderast.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.