Klevaskfundering

DSC02419Eg har mange uvanar. Ein av dei er å verta oppteken av heilt uvesentlege ting. Sikkert difor eg fann meg so godt til rette i statsbyråkratiet. I desse dagar burde eg ha skrive noko opplysande om det mangslunge folke-eventyret om kommunar som skal til Sanner for å gjera seg robuste. Eg burde ha identifisert både troll og ordførarbukkar og -geiter. Eg burde ha analysert dei situasjonane der ordførar-bukkar og -geiter må gå over bruer med høge bompengesatsar og lang nedbetalingstid. Eg burde òg vist medkjensle med alle dei kjea som helst vil vera heime hjå morsgeita og ha det nett som i dag. Men gjer eg det? Nei då, i staden bryr eg dei minkande små grå med å fundera over noko so sært som eit foto av ein klevask på den italienske øya Elba. Foto vart teke i september 2015; 9. september for å vera heilt presis.

På veg gjennom byen kom eg over desse snorene med tilsynelatande to klevaskar. Nett det var det fyrste spørsmålet som slo meg: viser snorene klevasken til ei eller to hushaldningar? Etter uautoritativ detaljstudering har eg kome til at det er to separate hushaldningar. Snorene kjem m.a. frå kvart sitt husvære. Etter storleiken på kleda å døma tilhøyrer kleda på den nedste snora ein mann, ein som har sans for ljose sommarklede av same sort. Det er nok ein mannsperson som arbeider på eit kontor, sannsynlegvis eit offentleg kontor. Han har hengt noko som må vera underklede på baksnora, nett slik det står i boka om å hengja klede til turk der andre kan sjå dei. Akkurat desse kleplagga på baksnora kan tyda på at det er ei kvinne med i hushaldninga, men det knyter seg stor uvisse til ei slik tolking

Kleda på den øvre snora gjev inntrykk av ein meir fargerik person, kanskje. Noko som kan vera eit forklede, kunne tyda på at eigaren er ei kvinne. Men for all del, mange menn brukar forklede når dei skal visa for omverda at dei både kan lesa og forstå innhaldet i all verdas kokebøker. Og dei er ikkje få! Og dei andre kleda på snora tolkar eg som mannsklede, fyrst og fremst på grunn av storleik og tekstilmengd.

Fyrste gongen eg såg ei slik klesnor utanpå ein bygard, tenkte eg som den hardingen eg er, oppvaksen med store frukttre som kravde høge stigar, av og til skikkeleg høge stigar. Eg tenkte: her må dei ha høge stigar for å turka kleda sine. So forstod eg at det var eit sinnrikt snorsystem, meir som ein løypestreng å rekna. Eg hugsar godt korleis me brukte løypestrengen frå Slåtto på Haldorsbruket på Eidnes til å løypa turrhøy heim i tunet. Lyden av høybøra på løypestrengen kvein over heile grannelaget. Lyden minte om hylet frå ein gris som ikkje ville slaktast. Ein dump lyd markerte at børa datt av strengen. Desse kleturk-løypestrengene på sørlege breiddegrader fungerer sjølvsagt på ein heilt annan måte, dei er mykje meir sinnrike og fungerer perfekt i eit klima der kleturk sjeldan er eit problem.

Slik kan eg sitja og la ein uvesentleg observasjon gå over i frie assosiasjonar. Tankane surrar og går, og eg nyttar meg av den fridomen det er å vera sjølvstendig bloggeigar. Ein fornuftig redaktør hadde sjølvsagt stoppa heile teksten.  Og denne bloggfridomen bruker eg samstundes som ordførar-bukkar og -geiter stavrar rundt på måfå i ulendt terreng for å gjera seg robuste for Sanner. Ansvarslaust, vil nok somme seia, å skriva i slike tider om eit foto av kleturk. Men – so lenge stortingstrollet ligg i dvale og korkje har flekt tenner eller hytta med neven, har eg kome til at eg vil venta til dette trollet har vakna for alvor, dersom det då ikkje finn ut at robustferda skal sendast ut i open sjø på ein robåt, der det berre finst ei åre. Stortingstrollet er truande til litt av kvart.

Blogglistenhits

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.