Laurdagsdans frå scenekanten

I gamle dagar spelte eg ein del til dans, slike vanlege laurdagsdansar på ungdomshusa. Det hender eg spelar til dans no òg, men denne teksten er om dans i ungdomshuset tidleg på 1960-talet, dvs. i skikkeleg gamle dagar. Me musikarane var oppstilte på scena og hadde godt oversyn over det som skjedde i salen. Det var nok somme i salen som trudde dei var godt skjerma når det var trengsel på golvet. Men nå nei du gut, me såg nok litt av kvart som var meint å vera smådulgt. Heldigvis for mange har eg gløymt det meste.

Regien på ein slik laurdagsdans var etter måten fast. Lite folk til å begynna med på kvelden. Ei rekkje med jenter sat benka på eine sida. Dei fleste gutane heldt seg utandørs, dei skulle fyra opp mot til å entra dansegolvet. Me kunne ikkje rekna med stor aktivitet på golvet den fyrste halvtimen. Nokre få par, som tydeleg likte å dansa, dreiv på. Somme av jentene dansa med kvarandre medan dei glytte mot døra for å sjå om gutane hadde kome så langt i oppfyringa at dei vågde seg inn på dansegolvet. Etter kvart seig det inn med folk. Nesten umerkande vart det meir og meir liv på golvet. Me på scena kunne i gode stunder kjenna pulsen og stemninga når me trefte med musikken vår, og salen var som ein kvervel som snudde rundt seg sjølv. Slike stunder var stor stas for oss på scenekanten.
 
På den tid heldt gut og jente i kvarandre når dei dansa. Ikkje slik som på dans no for tida, der eg har forstått at folk dansar for seg sjølve og med seg sjølve. Kanskje har det noko med at i dag tek me på kvarandre heile tida; klemmar vankar det tidt og ofte. Til og med karar er på klemgaleien med kvarandre. Slik sett er det berre logisk at folk dansar åleine når dei er på dans no for tida. Med all den kroppskontakten som dei opplever i dagleglivet, kan det vera greitt å sleppa slikt når ein er på dans og skal kosa seg, med seg sjølv.
 
Men attende til den tida då dansing ofte var den einaste påskotet ein hadde for å få kroppskontakt med det andre kjønnet, i alle fall når andre såg på. Somme gonger heldt gut og jente saman på ein måte som om begge to var redde for å brenna seg. Det vart nok ikkje mange dansane av slikt. Ein annan gong var karen så nærgåande at eg såg jenta stoppa tvert opp, trampa i golvet, snudde seg på hælen og forsvann ut. Ikkje mykje bryllaupsspeling å spora der i garden, nei. Men det hende nok at me kunne ana bryllaupsspeling i ei framtid, spesielt når me såg korleis det drog seg til i dei tre siste dansane.
 
Det var ikkje mykje likestilt oppbyding til dans. Jentene baud sjeldan opp. Dei måtte i staden sitja og venta på at nokon kom og ville ha ein dans. For dei fleste ordna det seg nok greitt med dansing. Det kunne likevel gå slik som eg fekk fortalt nyleg. Ho var ikkje særleg lysten på å dansa, men sat no i benkerekkja i lag med dei andre jentene. So kom det ein kar og baud opp. Det kom nok litt uventa på, og litt forfjamsa stotra ho fram: “Det er kaldt og myrkt, og so veit eg ikkje heilt”. Danselysta kvarv frå den oppbydande karen. Om ho nokon gong fann ut at det var ljost og varmt nok til å våga seg frampå i ein dans, seier soga ingen ting om.
 
Kanskje var ho mellom dei, både jenter og gutar, som vandra heimatt om natta med ein liten sår klump i magen. Dansing hadde det ikkje vorte så mykje av, og i alle fall ikkje med den som ein hadde vona då ein tidleg på kvelden hadde gått inn døra på ungdomshuset. Kanskje var ho mellom dei som sette seg ned med Ønskekonserten på måndagskvelden. Der kunne ho pensla kjenslene med  “Only you” og Prøysens “Du skal få en dag i mårå”, medan ho tenkte at neste laurdag er det dans i grannebygda.  Me på scenekanten såg dei var der i salen. Dei sat trugne på sidebenken, og ofte gjekk dei einslege ut døra når dansen var over. 

Salen tømdest for folk, og det gjekk ikkje lydlaust for seg. Somme av karane hadde fyrt opp litt vel mykje og måtte stundom ha hjelp ut i fri luft. Me på scena var fullt opptekne med å pakka saman instrument og forsterkarutstyr.  For oss stod det att å krypa inn i soveposar bak på scena eller fylgja heim til vertskapet som skulle hysa musikken. Sutalause tider i grunnen, der ein kunne betrakta livet, leiken og dansen frå ein scenekant.
Share

2 kommentarer til “Laurdagsdans frå scenekanten

  1. Mats Berglund

    På pricken det jag upplevde i slutet av 1960-talet när jag efter konfirmationen fick lov att gå på dans. Det var bl a Sven-Ingvars som stod för musiken. Denna fantastiska dansorkester som efter filmfiaskot “Under ditt parasoll” beslöt sig för att spela ihop skulden genom att spela till dans. När det var som mest så spelade dom ca 200 dagar/år.

    Svar
  2. Mats Berglund

    Detta var i de väst-värmländska gränstrakterna mot Eidskog och som gränsbygding var det inte Arvika som man åkte till utan oftare Magnor Ungdomslokale och Böndenes Hus på Skotterud. Medhavd butelj var inte från Systembolaget utan lokalproducerad inte så sällan inmundigad som “halv-kopp” på kaffeserveringen.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

11 − three =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.