HR management, noise management og noko attåt

Stendig lærer eg noko nytt, til og med om meg sjølv. Her om dagen forstod eg, brått og nådelaust, at eg ikkje berre er ein tilsett arbeidstakar lenger. Det vil seia, eg er vel dét også, men fyrst og fremst er eg ein HR. Det er det einaste logiske sidan alle desse som steller med det som i steinaldertida heitte personalspørsmål, dei syslar no med HR management. Etter mange oppslag i Wikipedia og diverse management documents forstod eg endeleg at eg er ein human ressurs. Skal i og for seg ikkje klaga på det, sjølv om det nok er ulike oppfatningar om kor human eg er. Men når det no er slått fast, til og med på engelsk, at eg er human, er det sant. Eg likar dei mange illustrasjonane av HR management, fyrst og fremst fordi i nesten alle, i alle fall i dei eg likar, står HR i sentrum av sirklar eller halvsirklar. Rundt HR står alt som skal gjerast for å få HR til å kjenna seg vel og tilfreds. Det er sannsynlegvis einaste gongen at eg har forstått at som HR er eg sentrum i mitt eige tilvære, ikkje berre ein periferi i høve til alle andre. Groundbreaking discovery, som Ivar Aasen ville ha sagt det.

 Som utprega tilhengjar av varsam forviteskap har eg prøvt å finna andre management-område. Og eg trong ikkje leita lenge. Alle som nokon gong har vore inne i eit folkebibliotek, har fått med seg at me må vera stille for ikkje å forstyrra dei som blar i aviser, tidsskrift eller til og med les bøker. Bibliotekarar likar tydelegvis ikkje gamaldagse ord som «bråk», «uro» eller «støy». Dei er korte og enkle, og dei verkar på ingen måte eigna til å beskriva situasjonar som kan vera utfordrande å handtera i eit bibliotek. Det er difor meir enn forståeleg at det i ei bibliotekfagleg meiningsutveksling vart spurt etter system og opplegg for «noise management» i bibliotek. Til og med eg, som ikkje er bibliotekar, forstod at dette er eit overlag viktig problemkompleks. Fyrst når det vert omtalt i engelsk språkdrakt, får eg ei openberring av dei djupt mellommenneskelege dimensjonane som uro, bråk og støy i eit biblioteklokale eigenleg representerer. Her trengst diplomati av ypparste slag, og det trengst management systems, no doubt about that.
 
Etter kvart som eg skreiv desse linene, slo det meg at denne gongen må eg gjera noko ekstra for å få fram den enkle bodskapen min til alle dei som måtte ramla bort i denne teksten. Somme  har nok vanskar med å forstå den dialektfarga nynorsken min. Som hjelp fekk eg difor eit språkprogram til å omsetja det siste avsnittet ovanfor til engelsk; det bør kunna fasilitera forståinga. Sidan eg ikkje har formell utdanning i engelsk, har eg ikkje grunnlag for å overprøva dei omsetjande datamaskinene. Teksten følgjer difor i rå, for ikkje å seia brutal utgåve. God lesnad!
 
«As pronounced Trailer connected by cautious curiosity I have tried finding other management area. And I did not need to look far. Anyone who has ever been inside a public library, has been with him that we must be silent not to disturb those who browse the newspapers, magazines or even read books. Library Arar likes clearly not gamaldagse word «racket», «anxiety» or «noise». They are short and simple, and they work in no way suited to describe situations that can be challenging to handle in a library. It is therefore more than understandable that in a library professional exchange of views was asked by system and plan for «noise management» in the library. Even I, who is not a librarian, understand that this is an overlay important problem complex. Prince when the host mentioned in the English language, I get a revelation of the deep between human dimensions such as restlessness, noise and noise in a library Eigen local representative. Here diplomacy needed in the most spectacular battles, and this is necessary management systems, no doubt about that.»
Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *