Kostnadseffektiv

Her om dagen las eg noko som sette seg fast i tankane mine. Det skjer ikkje så ofte, no lenger. Jau, ein ung, lovande politikar – kjønn unemnt – skreiv at no burde kommunen leggja ned to små skular. Dei kostar for mykje. Ein konsulentrapport hadde kome til at skular som har 430 elevar, er mest kostnadseffektive. Visste eg det ikkje, både eg sjølv og 90 prosent av dei eg kjenner, har brukt åra sine i skular som på ingen måte har vore rekningssvarande og kostnadseffektive. Mange av oss gjekk på små skular både i barne- og ungdomstida. Til og med på universitetet var det små klassar på dei faga eg valde. Du og du kor mange problem eg og altfor mange med meg har valda det norske samfunnet. Desse konsulentane kan sikkert rekna ut at me nok ikkje har vore kostnadseffektive nokon gong. Mange brikker fell på plass med desse konsulenttala. Med så mange små skular over mange år er det ikkje å undrast over at det er vanskeleg å få økonomi-endane til å møtast i kommune-Noreg. Skulestatistikken i Utdanningsdirektoratet fortel at ca. 90 prosent av  skulane i Noreg har færre elevar enn den mest kostnadseffektive storleiken. Det lovar godt for konsulentbransjen som kan tena pengar på  rapportar rundt om i norske kommunar i mange år framover.
At politikarar og byråkratar brukar konsulentrapportar og tal når dei skal overtyda oss veljarane om kor eineståande dei er i tankegangen sin, er i og for seg ikkje noko nytt. Gong på gong kjem dei dragande med tal frå konsulentrapportar, gjerne tal som viser ein gong for alle at no, endeleg har dei funne det gode svaret på kva som er rett og gale. Helst skal tala berre kunna tolkast på éin måte, og det beste er berre eitt tal som kan forklara det meste. Då vert politikarar lukkelege.

Eg kjem til å tenkja på dei glade 1980-åra, då mange kommunar tinga konsulentrapportar som viste, utan noko form for tvil, at å byggja familieparkar ville vera den sikraste vegen til reiselivseksplosjon mange stader. Med tabellar og diagram hadde konsulentane rekna ut at investering i familieparkar ville vera ei rein gullgruve for lokalsamfunna fordi ein eller annan stad der ute i ei ikkje-identifiserbar verd var det hordar av menneske som berre sat og venta på å reisa til stendig nye familieparkar. Me veit korleis det gjekk; konkursane kom på rekkje og rad. Nokre fann seg ei framtid etter tre og fire konkursar. Det skulle ikkje undra meg om det same konsulentfirmaet, som no har funne ut at det må vera 430 elevar i ein grunnskule for å vera kostnadseffektiv, også var med å rekna på familieparkar i si tid. Berre me får overtrua presentert som tal, slår ho inn i tankane våre som eit prosjektil, nådelaust og utan atterhald.

Det undrar meg at politikarar så ofte har så stor tru på tal når dei skal overtyda oss om at meiningane deira fortener å høyrast. Det er som om dei ikkje heilt vågar lita på det verbale innhaldet i det dei vil ha oss til å tru på. Dei må ha tal som set to strek under meiningane. Det minner meg om sonen som rekna ut at han var eldre enn far sin. Rekninga kan ikkje lyga, sa han. Det ser ut til at mange politikarar er råka av den same overtrua.
Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.