Ganglaget

Augo skal kunna fortelja om sjelelivet, vert det hevda. Kan godt vera, men kor ofte får ein augnekontakt med andre så lenge at ein kan sansa noka sjel? Ein rekk knapt ana auge-fargen før eigaren fester augo i ein telefon eller eit nettbrett. Sjelelivet må ein difor finna fram til i Fjesboka, men der er det lett for å plussa moms på to gonger når ein skal beskriva sinnstilstanden sin.

Nei, då er det eit sikrare sjelebarometer å tolka ganglaget til folk. Kvar gong eg høyrer dei effektive, arbeidsame personane klakka bortover korridoren på arbeid, ja, då veit eg kven som kjem. Det er berre å setja seg i rett stilling i kontorstolen og venta på den korte og kontante bankinga på døra. Døra går opp før eg har fått ropt «Kom inn!», og samtala er i gang før besøket har sett seg i stolen. Kort og konsis konversasjon, aldri tvil om poenget eller føremålet med samtala. Storarta stunder! Slike personar ropar ut med kroppsspråket og ganglaget sitt at dei veit kva dei vil og kva som skal gjerast. Kvikke rørsler får dei framover i landskapet og i verda, likevel utan at dei treng verka brautande.

Så har me dei som sig rundt på gummisolar, som knapt høyrest når dei tek seg fram. Bankinga på døra er varsam og tvilande, som om dei helst ville ha sloppe å koma inn. Ikkje noko gale å seia om konversasjonen, me får begge sagt det som trengst, og truleg veit me begge kva som skal gjerast etter samtala.

På heimekontoret har eg utsyn til gata opp til sjukehuset. Av og til, når eg må tenkja over kva som skal skrivast mellom to komma, fester eg augo på folk som går til og frå sjukehuset. Der kjem den nybakte faren. Rak i ryggen går han med faste, målretta steg mot hovudinngangen. Ein hentebag dinglar i eine handa, medan ein bror eller ei syster heng i den andre handa. Alle er budde på å vera med på starten av eit nytt liv. Ganglaget fortel om voner og forventningar.

Eit par kjem gåande frå sjukehuset. Intens samtale; det er tydeleg at dei har fått vita noko som dei ikkje likar. Kanskje er det ein diagnose, kanskje er det resultatet av prøvar. Dei går seint, er fullstendig opptekne med det nye dei har fått vita. Gonga er leitande, varsam, nesten utan mål. Dei har all merksemd retta inn mot seg sjølve. Kvar dei går, og kor lang tid dei bruker, ser ut til å vera uinteressant. Livet ser ut til å vera ugreitt, og dei prøver å finna nytt fotfeste.

Slik går det stendig folk forbi vindauga mitt. Det er som ei miniatyrverd, der mange avskygningar av livet passerer forbi. Midt i det heile kjem parkeringsvakta sigande innover parkeringsplassen, sjekkar parkeringslappar, skriv ut ei og anna bot. Ganglaget, med litt trege og avmålte steg, fortel om ein person som lengtande styrer stega sine mot at arbeidsdagen skal ta slutt.

Eg vender meg bort frå vindauga, fester augo i pc-skjermen og skriv tittelen på denne kvardagsytringa: «Ganglaget». Sitjande og skrivande avslører ein ikkje ganglaget sitt.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *