Sokkadans

I dei fem åra eg gjekk på statsrealskulen og gymnaset i Øystese 1961-1966, konsentrerte eg meg nok fyrst og fremst om skuleoppgåvene. Me var mange som prioriterte jamt og systematisk arbeid i skulekvardagen på veg mot ei vidare utdanning. Det var likevel mange pustehol, der me elevane berre var ungdomar. Filmar i ungdomshuset Holmatun fekk me med oss både tidt og ofte. Laurdagane var me som oftast på dans i eit eller anna ungdomshus. Sjølv dreiv eg mykje med dansespeling  med helgane. Det gav ekstra lommepengar til eit elev-liv.

Eit avbrot i alt leksearbeidet var leikkveldane i gymnastikksalen på gymnaset. Eg trur det var om tysdagskveldane, men det kan godt henda at eg misminnest. To av lærarane, Nils Årekol og Alf Mokleiv, stilte opp og skulle læra alle som var interesserte, folkeviseleik, turdansar og vanleg runddans. Somme av oss hadde vore på leikkurs tidlegare; for andre var det nytt og ukjent.

Me måtte dansa på sokkaleisten. Golvet i gymnastikksalen skulle ikkje skitnast til etter skuletid. Me måtte difor ta av oss skorne i rommet der stollageret var. Det var nok ikkje berre nyvaska sokkar som kom fram or skorne når me gjekk inn på dansegolvet. Folk med god luktesans kunne nok få testa lukte-evnene sine rett som det var. Somme hadde også glatte ullabbar, og dei kunne få seg overraskingar i rundsnuane.

Programmet var todelt på eit vis. Fyrst var det ei økt med folkeviseleik. Når gutane skulle finna seg ein dansepartnar, kunne ein sjå korleis dei skjena over golvet for å koma fort fram til den ein ville dansa med. Stundom lukkast dei, men dei fleste måtte nok læra at for kvar dans med fyrsteprioriteten måtte det dansast mange andre dansar også. Og dei mest smålåtne måtte vera nøgde om dei i det heile fekk ein dansepartnar.

Folkeviseleiken var den minst spennande delen av kvelden, tykte eg. Å dansa i ring og syngja samstundes som ein skulle utføra dansesteg, var greitt nok. Men eg likte mykje meir når eg dansa med jenta åleine, anten i vanleg runddans eller bygdedans. Då kunne ein ta i bruk heile rørslerepertoaret i lag med ein god dansepartnar, om ein var heldig.

Kvelden vart avslutta med runddans, der spelemannen Olav Lutro var i aksjon. Han var fødd og oppvaksen på Lutro i Sørfjorden. I danseøkta fekk eg eit lite dilemma: eg ville gjerne dansa, men samstundes ville eg gjerne kompa på piano til spelemannen. Litt avhengig av kven av jentene som hadde møtt opp, løyste eg det ved å vera på golvet under siste dansen. Var eg litt “snjaop” av meg, kunne eg få dansa med den eg ville.

Oppslutnaden om leikkveldane var nok varierande. Men dei åra eg gjekk i Øystese, vart det etter kvart ei stor gruppe ungdomar som likte å dansa. Me vart ein del av den sokalla Hardangerringen som Hardanger ungdomslag hadde ansvar for. Me bestemte oss for å reisa til utlandet med eit danseprogram. Eg hugsar at me våren og sommaren 1964 reiste rundt i Hardanger med eit program for å tena inn litt ekstra pengar til turen. Tidleg på hausten same året reiste me, ei gruppe ungdomar i alderen 16 til 22 år, med charterfly frå Bergen til Amsterdam. Der venta ein buss som frakta oss til vin- og folkemusikkfestivalen i Dijon i Frankrike og til ein folkedansfestival i Mons i Belgia. Me organiserte alt saman sjølve og fekk fri frå skulen. I ettertid er eg litt imponert over at me handterte alt som skulle ordnast. Der og då var det heilt naturleg og sjølvsagt.

Denne danseturen til utlandet kan reknast som ei av mange gode avkastningar av sokkadansøvingane på tysdagskveldane. Somme av oss møtte til og med seinare ektemakar på sokkadansen. Ein skal aldri undervurdera samfunnsnytten av sokkadans.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

14 − 9 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.