Hender

Hender har alltid fascinert meg. Dei små, kubne barnehendene som veivar rundt på leit etter festepunkt i livet, kraftige arbeidsnevar hjå ein kar som er vane med å handtera verktøy av ulikt slag, kvite, finslege hender hjå den som sjeldan tek i anna enn eit tastatur og kniv og gaffel, eller senete og skrukkete hender til eit menneske som har levt lenge. Hendene fortel noko om den personen som ber dei.

Hendene er den kroppsdelen me byr fram til framande når me helsar på dei i det fyrste møtet. Handtrykksvariantane er tallause, og me prøver ofte å tolka dei. Me har det sterke, nesten krystande handtrykket, det slappe fiskepudding-handtrykket eller det likeverdige handtrykket der begge to finn ei likevekt i handmøtet. For meg er handtrykket alltid startpunktet for å danna meg eit inntrykk av ein ukjend person.

Hender som utfører noko praktisk, har eg alltid likt å sjå på; sikkert fordi eg er ein treneve sjølv. Å sjå hender smyga seg rundt verktøy og emne kan vera feststunder.  Hendene veit kva som skal gjerast, veit kva som skal lagast. Godt handelag formar eit resultat med meining, anten det er snikring, skjering, båtbygging eller strikking og anna handarbeid. Heldige er dei som rår over slik kunnskap. For ikkje å snakka om dei finslege musikarhendene som på trolsk vis lokkar fram tonar og stemningar på fele, piano, gitar og andre musikkinstrument. God musikk kan ofte vera det beste sjelelauget for nokon kvar.

Stundom brukar me hendene for å understreka meininga i den munnlege bodskapen. Berre sjå på talarar eller fjernsynsreporterar som med sterke eller små, pregnante handrørsler vil understreka meininga i det dei seier. Stundom kan ein få inntrykk av at dei er så tvilande til det dei sjølve seier, at dei må kompensera med store, veivande handrørsler i von om at dei klarar å overtala nokon av tilhøyrarane.

Hender som knyter seg, vil me halda oss unna, i alle fall dersom dei slår eller vil skada dei som er rundt. Personar med forknytte hender derimot bør me ta oss tid til å snakka med dersom me er i stand til å bety noko positivt for dei.

Me set pris på dei hjelpande hendene, dei som bokstavleg tala hjelper oss når me er små, til å stå på eigne bein. For ikkje å snakka om dei hendene me treng for å gjera livskvelden lettare for oss. Stendig fleire hender treng me etter kvart som kveldsforsamlinga veks og vert fleire.

Best likar eg dei hendene som kan stryka, dei som rører ved det tårevåte barnekinnet, det raudnande ungdomsandletet, eller dei slitne nevane som skjelv av levd liv. Evna til å stryka eit anna menneske med fast og kjærleg hand kan stundom uttrykkja meir enn mange ord. Det forsikrar eit medmenneske om at det skal sleppa å oppleva fråværet av ei hand som ikkje strauk.

Hender betyr mykje for oss alle, kvar dag, gjennom heile livet.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eighteen + eighteen =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.