“Homesick snowball”

Denne gongen har eg sett meg godt til rette i den smårefsande godstolen. Som eit høveleg utgangspunkt har eg laga ei halvvegs meiningslaus overskrift i beste tabloidstil for å fanga interessa til deg som skulle koma til å lesa desse orda. Eg vil kort og godt svinga ein lett pisk over det eg meiner er språkleg fjas. Døma mine er frå eit par arrangement i heimbyen min, Lillehammer. Liknande døme er sikkert lette å finna dei fleste andre stader i landet.

I jolehelga 2016 vart det arrangert eit treff på ein lokal restaurant der bedrifter og ungdom under utdanning kunne treffa kvarandre. “Homesick” er eit samarbeidsprosjekt mellom Lillehammer-regionen Vekst og Finnehjem for å lokka lillehamringar og dølar som kan tenkja seg å flytta heim til regionen. Det heile er eit flott tiltak for å få ungdomar til å bruka utdanninga si i heimtraktene. Sannsynlegvis har prosjektfolka ikkje tenkt på språkbruken i det heile. Eg reknar med at for dei er engelsk ofte meir naturleg å bruka enn kvardagsleg norsk. Probably kjennest engelsk meir to the point. “Heimlengt” høyrest nesten litt traurig ut, dessutan er det lett å forstå. Då er det meir dramatikk over “homesick”; det er nesten som ein diagnose, i alle fall meir som ei sykje.

Tidleg i februar 2017 vart det arrangert ein nasjonal reiselivskonferanse, ein såkalla Snowballkonferanse, “som setter fokus på destinasjonsutvikling og bærekraft.” Konferansen hadde sikkert eit nyttig og framtidsretta innhald. Og når eg tenkjer etter, forstår eg kanskje kor stussleg det ville ha vore å invitera til ein “Snøballkonferanse”, i alle fall når det har vore lite snjofall denne vinteren her aust, faktisk det minste som har vore målt sidan 1958. “Snowball” får oss til å tenkja på nordlege Canada eller Alaska, der dei har rikeleg med snjo – kanskje.

Til og med ærverdige Hardanger og Voss museum kjende seg freista til å søkja opptak som leiglending i det engelske språkimperiet då dei for nokre år sidan inviterte til meisterklasseundervisning i hardingfele med framifrå spelemenn og -kvinner. Sjølvsagt måtte det heita Master Class Hardanger. Meisterklasse verkar svært jordnært og kvardagsleg, det forstår til og med ég. Og i all rettferds namn har tiltaket i seinare år retta seg mot internasjonale søkjarar, og då er det nok engelsk som gjeld.

Denne ekstreme overtrua på at engelske ord og vendingar gjer det aller meste meir spennande og attraktivt, har eg aldri forstått. Vent litt forresten, eg har òg vore råka av engelskviruset. Tidleg på 1960-talet hadde eg eit danseorkester. Og tru det eller ikkje, namnet var “The Stenguns”. Me måtte sjølvsagt ha eit engelsk namn slik som alle andre. Me hadde på oss varme, skitenblåe nylonskjorter, og stundom pynta me oss med smale, brune slips. Det engelsk-klingande namnet gav likevel heilt feil assosiasjonar til musikken me spelte: mykje gamaldans og litt standard dansemusikk. Snakk om villeiande reklame!

Eg kunne ha skrive kvar fredag om ulike former for engelsksykje i det norske språklandskapet. Men det har mange andre gjort før meg. Eg sluttar likevel ikkje å undra meg over at engelske ord og uttrykk so ukritisk smyg seg inn i språkbruken vår. Som oftast vert ikkje tyding eller meining klårare, snarare tvert imot. Det må nok vera noko med å kjenna seg språkleg på høgd, kunna visa at jau då, me fylgjer med og kan tuta med alle ulvar, berre me slepp å ula på norsk. Verda er ikkje alltid lett å forstå. Men slikt har vel 70-åringar alltid sagt.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 × 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.