Master Class, Baby

«No skal eg læra å spela Hardanger Fiddle, you know!» Kvitanesen står framfor meg med oppspilte augo. Snusposen går i åttetal i kjeften, og skyggehua lettar seg i takt med at munnen sender ein ordflaum ut i det offentlege rommet rett framfor ansiktet mitt. «No har eg posta ein kassett med tre slåttar som eg skal senda til Hardanger folkemuseum på Utne. Eg skal koma meg inn i ein Master Class Hardanger for å læra å spela Hardanger Fiddle hjå mastrar og mistresser.»

Eg prøver å roa han ned og ber han fortelja heile historia. «No må du vera storyteller og ikkje ein crazy storydoer», seier eg til han. Han nikkar.

«Jau, ser du. Eg har alltid vilja spela fela, men det har aldri vorte noko av. Men no, ser du, vil dei læra heile verda å spela fela på museet på Utne. Ein viktig kvalifikasjon er at ein kan litt engelsk. Eg var hjelpegut på Brakanes hotell i si tid og saug til meg engelske gloser om ein svamp frå dei flotte engelske turistane som svevde rundt både i og utanfor hotellet. Eg reknar som so at når engelsktalande kan læra å spela hardingfela, må ein ekta ulvikaharding med turistengelsk kunna gjera det same. Genetikken min er trass alt sterkare med tanke på Hardanger Fiddle-speling.»

Kvitanesen legg for dagen eit engasjement som eg elles berre har sett når han sit og høyrer på songane til Arja Saijonmaa. Han snakkar både på ut- og innpust. Eg forstår at han verkeleg er oppkveikt over å kanskje kunna læra å spela fela. Forsiktig ymtar eg frampå om korleis han har tenkt å kvalifisera seg. Trass alt kan han ikkje spela fela, og kravet er at dei som skal vera med på Master Class, må kunna spela fele frå før. «Ja, men,» seier Kvitanesen. «Eg kan litt engelsk, og so har eg spelt inn tre slåttar, eller tunes, som eg vil kalla det, på ein kassett. Heldigvis hadde eg ikkje kasta Philips kassettspelaren frå 1968. Eg kan «Blåveispiken» og «Zorbas dans» på munnspel, i alle fall so nokolunde, og so har eg sulla eller songe nokre taktar av «Jentebedragaren». Den slåtten lærde eg av Lars Velure fjerde dagen i eit tredagars bryllaup. Då vil opptakskomiteen forstå den ubrukte, men djupe musikaliteten som ligg gøymd hjå meg. Og so er det lettvint for meg med husrom når me skal vera i Granvin og på Utne. Eg skal ta fram att dei friarbreva eg fekk frå Granvin og Utne tidleg på 1960-talet, og som eg enno ikkje har svara på».

Det sig ei ro over Kvitanesen der han drøymer seg inn i den ljose framtida som Master Class-elev. Med blanke augo tek han på heimveg. Kroppen rører seg i ein takt som kan vera ein ulvikaspringar verdig, medan han mumlar for seg sjølv: «Master Class, baby, Master Class».

Publisert på Facebook 10. mars 2014

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.