Festtale-oppskrift

Denne teksten er eit paradoks, for det er synd å seia at eg har omfattande røynsle i å skriva festtaler. Det er heller ikkje å venta av ein person som i lokalavisa for mange år sidan vart omtalt som ein person som «ikke er kjent for å være spesielt festlig». Nokre gonger har eg likevel måtta prestera festtaler. Då var det greitt å vera i eit departement. Me kunne skriva utkast til taler, men slapp å halda dei; me hadde folk til slikt.

Ein gong var eg likevel so lettsindig at eg sa ja til å halda festtale sjølv. Det skulle til og med vera ei middagstale på årsmøtet til ein stor landsomfattande organisasjon. Mange deltakarar. For å vera førebudd tok eg kontakt med ein person som var ovkjend som god festtalar. Sidan me er så få menneske i dette landet, og alle kjenner alle, skal eg la vera å nemna namn, men vedkomande arbeidde i kultursektoren. Du har sikkert sett typen ved fleire høve. Det er ein slik person som skriv ned nokre stikkord på ein liten papirlapp i det han eller ho går opp til talarstolen og deretter snakkar i minst 20 minutt, elegant, poengtert og engasjert, utan manuskript.

Denne eksperten brukte mange og velformulerte vendingar, men i kort bloggform var innhaldet omtrent som følgjer:
”Når du skal halda ei festtale, bør du dela det heile inn i tre: innleiing, hovuddel og avslutning.» Dette var velkjend struktur i byråkratens kvardag, der han sit og skriv notat etter malen: bakgrunn, analyse og konklusjon. Det er tre-tals magi omsett i kvardagsform, eller for å vera meir presis: verbal gråsteinsform.

Festtale-eksperten sa vidare:
”Når det er snakk om ei festtale ved ein middag, og du skal snakka eit stykke ut i raudvinsskjenkinga, må du rekna med at ikkje alle oppfattar denne tre-delinga. Difor bør du først opplysa at tala vil innehalda tre delar, og deretter må du seia i frå når du går over frå ein del av tala til ein annan.» «Og det fine med festtale,» seier han vidare, «er at dei tre delane treng ikkje hanga saman. Når du markerer så tydeleg at du går over får ein del til ein annan, verkar det som om det er ein samanheng i alle fall.”

I og for seg var heller ikkje dette ukjent; eg meiner, dette at innleiing, analyse og konklusjon ikkje alltid heng saman. Mange åndsverk av byråkratisk opphav kan seiast å koma i den kategorien, utan at dei av den grunn kan gjera krav på å vera festtaler.

Mitt byråkratiske sinnelag reagerte litt problematiserande overfor det at det ikkje treng vera logisk samanheng mellom dei tre delane i ei festtale. ”Eg kan risikera,” sa eg til rådgjevaren min, ”at det sit folk i forsamlinga som har lært litt om logisk samanheng, og dei vil oppleva eit profesjonelt mareritt, dersom dei oppdagar at det ikkje er logisk samanheng i det eg framfører.”

”Det er ein sjanse du må ta,» sa rådgjevaren min. «Uansett kan du kaldt rekna med at sidan du skal halda tala etter at raudvinskjenkinga har gått minst to gonger, vil dei vera i mindretal dei som kanskje kan ana ein logisk brest. Dessutan, dersom du legg inn eit tilsynelatande seriøst, men likevel humoristisk avsnitt i det du framfører, vil dei fleste festa seg med det og gløyma mangel på logisk samanheng”.

Sjølve tala høver ikkje her, til det var ho for sterkt prega av fagbakgrunnen til forsamlinga. Korleis det gjekk med tala mi? Ja, sei det. Det kunne verka som om forsamlinga hadde det bra, men eg har mistanke om at raudvinen hadde størst innverknad. Eg vart i alle fall aldri meir spurd om å halda festtale i den organisasjonen.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.