Handelag

Hendene smyg seg
rundt verkty og
emne,
veit kva som
skal gjerast,
veit kva som
skal lagast;
godt handelag
formar
eit resultat
med meining.

Handelag med livet,
seier du?
Det er vel enno
rom for både
meistrar og
klamphoggarar.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *