Vandra vidare

Kvit i skjegg og hår
tek mannen seg
oppover vegen
i kvardags-lia,

passerer stabbestein på
stabbestein,
må setja seg på
ein kvilestein,
siste økta var
bratt og tung,

ser seg attende,
skodda ligg tett,
skimtar likevel
rotvelter, store steinar og
andre hinder
han har passert
på vegen,

stør seg på
vandrestaven,
glytter oppetter lia,
ser skodda hjadla seg,
det ber bod om
betre vêr;

skimtar ei strime av blå
himmel
og nokre solstrålar som
søkjer seg fram til
kroppen på kvilesteinen

ein vag smil
leikar med rukker i
eit furete andlet,
og kroppen rettar seg opp;

han ser oppover og
framover,
tek eit fast tak i
vandrestaven,

han vandrar vidare
i kvardagen.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

1 × four =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.