Tømmervegger

Det er noko med
solsvidde tømmervegger,
veit likevel ikkje kva
det er,
dei berre står der,
trauste, stødige,
nakne, synlege,
viser for all verda
korleis dei er laga,
korleis stokkar av
heil ved
er sette saman
for å vera

hus
for folk og fe
for kvardag og helg
for sorg og sut
for glede og trivnad.

det er noko med
solsvidde tømmervegger,
forstår aldri heilt kva,
men gode er dei,
kvar gong ryggen treng
litt støtte og
eg treng skirna
tankane.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *