Bak statistikktala – ei familiehending i 1914

Av og til ser eg gjennom gamle statistikkpublikasjonar. Eigenleg er eg litt svak for både nye og gamle statistikkpublikasjonar, sjølv om ingen ting i fagbakgrunnen skulle tilseia det. Det er noko spennande med tal som viser mønster og endring. Dei set i gang mange spørsmål om kvifor og korleis, sjølv om det er sjeldan eg er i stand til å å svara skikkeleg på nett det. Moro er det lell.

I alle fall, eg gjekk gjennom «Sundhetstilstanden og Medicinalforholdene 1914» (Norges Officielle Statistik VI. 94.). Storarta lesing. Vel so interessant som sjølve talrekkjene er dei verbale delane som forklårar og/eller fortel om bakgrunnen for dei mange tala. Eg var ute etter opplysningar om barnedød og epidemiske sjukdomar. Opplysningane ville eg bruka som bakgrunn for ei spesiell hending i familien i 1914. Og der, utan at eg ante nokon ting, står den aktuelle familiehendinga omtalt med ein lakonisk, men likevel dramatisk tekst:

«Paa Eidnes i Ellensvang (Indre Hardanger) forekom hos en isoleret boende haandverker en særlig ondartet husepidemi med uttalt dysenterisk karakter. Smitten hadde en datter ført med hjem fra Haugesund. 3 av barnene (3-7 aar gamle) døde ; derved opstod panik, som hadde den heldige virkning, at sygdommen ikke fik spre sig. (Garmann-Andersen).»

Den «isoleret boende haandverker» var besten min, skreddaren Jakob Jonson Velure (1863-1943). Dei tre borna som døydde, var Olav, f. 1907, Margit, f. 1909 og Jon f. 1911. Dei var  yngst av ein syskenflokk på sju. Alle døydde i dagane 23.-25. april 2014. I statistikken for 1914 er tilstanden registrert som «Akut diarré (colerine)» med 32361 tilfelle i heile landet. Av dei døydde 815. Av dei epidemiske sjukdomane var denne diagnosen den nest hyppigaste, etter «akute katarrer i aandedrætsorganerne (deri ogsaa medtat katarralsk lungebetændelse)».

Tre av dei 815 som døydde, var altså tre små born som skulle ha vorte nær slekt for meg og mange andre. I familieforteljinga vår fekk me som born vita om det, likevel utan at det vart utbrodert på noko vis. Slikt skjedde i «gamle dagar». Sjølv om tilhøva i 1914 nok var etter måten gode her i landet, bør det nemnast at på Voss var det 17 som døydde av lungebetennelse det året.  I heile Søndre Bergenhus amt var det 96 som døydde av denne sjukdomen.

Eg fekk oppleva besto mi, Marta Olsdotter Espe (1872-1962).  Best hugsar eg henne frå dei stundene då ho diskuterte slekter med far. Ho var eit levande leksikon om slektene i fjorden. Då merka eg eit engasjement, og låtten sat laust. Elles minnest eg henne som ei litt fjern, gamal kvinne, ofte redd for at me ungane skulle verta sjuke. Det er godt råd å forstå. Sjølv om barnedød var mykje vanlegare enn i dag, må den veka då ho og besten miste tre born, ha vore eit mareritt, både for dei og den eldste systera som hadde kome med smitten. Berre det at dokter Garmann-Andersen så spesifikt hadde meldt inn tilburden, viser at det var noko heilt uvanleg.

Gravsteinen over dei tre borna står enno på Ullensvang kyrkjegard. Ein del av familieforteljinga er at skuleborn i Opedal-krinsen reiste steinen til minne om dei som skulle ha vorte skulekameratar. Eit sterkt patriarkalsk samfunnssyn kjem til uttrykk på gravsteinen, der det står «Her kviler 3 born av Jakob Villuri Nybrot». Mora er ikkje nemnt med eit ord. Men so hadde kvinner berre hatt røysterett knapt eitt år då dette hende.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.