Stakittgjerdet

Eg målar stakittgjerdet,
ei endelaus rekkje av
heilt like gjerdesprosser,
like breie, like høge,
like tjukke

ei etter ei
får sprossene lik farge;
kvite vert dei,
noko anna
passar seg ikkje

dei kvitfarga sprossene
aukar i talet,
det vert færre sprosser
å måla

den siste sprossa
har fått kvitfargen sin,
alt er over,
eit ferdigmåla stakittgjerde
står att åleine
i natta.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.