Gløymde ord

Djupt nede i ordkista
ligg det gløymde ord,
tjukke lag av eir
gøymer dei frå
syn og sinn

uventa og utenkt
kjem ei varleg hand,
hengjer orda opp
på livsveggen

varme augo smeltar bort
eiret med vårsmil,
gjev orda liv
og livet meining.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *