Eit mysterium

Tittelen kunne ha vore inngang til ei forteljing om noko kriminelt. Men nei, krim er ein sjanger som ligg langt utanfor komfort- og fantasi-sona til ein fjordakar. Oppvekst og vaksenliv har skapt lite grobotn for det kriminelle. Heldigvis, er det vel grunn til å seia. Nei, dette er ei soge om korleis eit hankjønn kan oppleva, for ikkje å seia gjennomleva, ei sommarforkjøling. Det var av den heilt vanlege typen. Det starta med sår og tett hals med påfylgjande rennande nase. So kom hosten som reiv og sleit i hals og bringe, og det heile toppa seg med litt småfeber. Det var ein tilstand som fekk meg til å kjenna og oppleva at eg var skrekkeleg sjuk. Mysteriet i denne soga er at ein nær bekjent av hokjønn også hadde hatt sommarforkjøling. Det mystiske var at hokjønnsforkjølinga verka å vera so mykje mildare, knapt til å ensa. Humøret og smilen var som før. Litt trøytt kanskje, og med ein rask smil vart det konstatert at det var litt småfeber, meir på linje med ei lita flis i fingeren. Det var det heile. Livet gjekk elles vidare på nesten vanleg måte.

Eg på mi side opplevde heilt tydeleg at kropp og sjel hadde vonde og nesten uuthaldelege dagar. Så vidt det var, kunne eg kraka meg i butikken og handla det mest nødvendige slik at skrotten kunne kjempa seg gjennom det fryktlege som hadde heimsøkt meg. Vegen til godstolen var uvanleg kort. Der eg kunne halda meg fast i fjernkontrollen og sova til ulike TV-program, til og med på dagtid. Då eg konstaterte at kroppen hadde litt feber, måtte eg fram med Paracet. I tillegg lepja eg i meg store mengder Kamille-te. Slik gjekk nokre dagar, og omsider kjente eg på meg at eg var i stand til å gå ut i hagen for å gjera alt eg skulle ha gjort då den store forkjølinga heimsøkte meg.

Det mystiske ligg i at me karar vert so mange gonger sjukare når me råkar ut for slik sommarforkjøling-styggedom. Me får det fortalt gong etter gong, det er ein ting. I tillegg har me mykje og ufråvikeleg klinisk erfaring med at forkjøling slår hardare til i ein karakropp enn hjå kvinner. Ingen har nokon gong kunna gje ei fullgod forklaring på dette tilhøvet. Eg er rimeleg overtydd over at det finst ein genetisk skilnad mellom menn og kvinner når det gjeld forkjøling. Det er noko med at menn må ha ein høgare utvikla sensitivitet for forkjøling enn kvinner. Det er som om menn er utstyrte med eit mykje rikare opplevingsregister når forkjølingane slår til. Problemet er at enno har det ikkje vore forskarar med tilstrekkeleg intellektuell kapasitet til å kunna dokumentera denne genetiske skilnaden. Her ligg ein Nobelpris og ventar for dei rette forskarane. I mellomtida må me karane lida oss gjennom både sommar- og vinterforkjølingar. Vert det for gale, kan me bota på tilstanden med ein konjakk og tre. Det hjelper sikkert ikkje, men du verda kor godt det kan smaka. Og nokon gledestunder må ein kunna unna seg når styggedomen herjar med stakkars karakroppar.

Gravityscan Badge

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.