Feler og kjærleik

Dette måtte berre koma ein gong. Ei hjarteskjerande soge om ei kvinne som skulle skilja seg, og som i sinne, forbanning eller kanskje rein vondskap øydela den verdfulle fiolinsamlinga til dette mannebeinet ho skulle forlata. For dei mange felespelarane som sit med store og verdfulle felesamlingar, vart nok denne soga ei brutal realitetsorientering. Eg ser levande for meg korleis dei betraktar koner/sambuarar/kjærastar i smug. I tankane gjer dei ein rask risikoanalyse av i kva monn dei står i fare for å hamna i same uføret, om dei skulle koma i skilsmålssituasjonar. Kanskje har somme av spelemennene ei førestilling om at det var felespelet som i si tid førte kvinna inn i tonane og i armane deira. På same måten som det er råd å drikka seg frå gard og grunn, kan spelemenn spela seg til famntak og kjærleik – om dei vil då. Det er slett ikkje alle som vil dela tida si mellom feler og kvinner.

I alle fall, eg kan førestilla meg mange litt skjelvande og lett paranoide felespelarar som betraktar ekstra nøye det kvinnelege selskapet dei rører seg i, på vakt mot alle teikn på at kvinnene skulle tenkja seg å gjera noko hakkande gale med felesamlinga. Dei tenkjer på alle mogelege rådgjerder som kan vera nødvendige for å berga den gruse felesamlinga mot hemnlystne og rasande kvinner. Eigenleg er dette ein forretningsidé for den svulmande konsulentbransjen. Nokon bør tilby spelemenn risikoanalysar og tiltaksplanar med tanke på å berga felesamlingane mot potensielle ulukker, utførte av kvinnehender. Og berre for å ha sagt det: all tilgjengeleg dokumentasjon tyder på at kvinnelege felespelarar ser ut til å vera heilt utanfor fare.

No skal det vel òg seiast at ein del av felene mange gonger har overlevt hendingar som har truga eksistensen til instrumenta. Som oftast er det spelemennene sjølve som med tankeløyse eller risikofylt oppførsel har utsett dei kostesame juvelane for store påfreistingar. Som oftast har det gått bra, ikkje minst takk vere omsorgsfulle og kjærlege feledokterar som får liv i felene att. Etter ei omstendeleg og krevjande oppattliving av ei fele ringte ein kjend feledokter etter nokre dagar til fele-eigaren og starta samtala med denne replikken: «Korleis er det med felo?»

Eg tenkjer nok at kvinnelause spelemenn no sit og prisar seg lukkelege over at dei har éin risikofaktor mindre å streva med, samanlikna med dei som må dela tida si mellom feler og kvinner. Aldri so gale at det ikkje kan vera godt for felene.

Share

Én kommentar til “Feler og kjærleik

  1. berit byrkjeland

    ikkje ver for trygg. det er likestilling no, og alt skal delast på to. forsikring gjeld ikkje for dei som bur i potensielle katastrofeområder. så står det i bladet.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.