Fåmælt

Å bruka få ord for å uttrykkja noko fornuftig og meiningsfullt, kan ofte vera vanskeleg. I grunnen er det svært vanskeleg. Ingenting er lettare enn å dura i veg, ausa orda oppå kvarandre i von om at når ordmengda er stor, må det vera noko som når fram. Slik er det nok ikkje. Det er den godt tilhogne bodskapen som når fram, den som bruker dei få orda som trengst for å bera fram, understreka og markera meiningsinnhaldet.

Det er få som har evne til å vera fåmælte på ein god måte, ser det ut til. Olav H. Hauge kunne vera ein meister i å opna opp verda på ein fåmælt måte. Eit praktsykke i så måte er diktet om Osamannen, der sluttreplikken frå Osamannen (og tittelen på diktet) kunne ha vore overskrifta på eit politisk partiprogram. «So gjer ein annan mann ei beine då, sa Osamannen og skauv ifrå». (So heldige er me nok ikkje med politiske parti for tida. Glattpolerte formuleringar, eller i beste fall parafrasering over det sjølvsagde, ser ut til å vera regelen. Kanskje får me berre dei programformuleringane me fortener.)

Fåmælte personar, derimot, står ikkje alltid like høgt i kurs som fyndige og fåmælte replikkar eller dikt. I tekstutvalet til Norsk ordbok, det sokalla «korpus», opptrer fåmælt ofte i lag med adjektiv som stille, tilknappa, tverr, tankefull, lågmælt, eller andre eigenskapar som me ikkje utan vidare set pris på hjå dei me omgåst med. Då eg vaks opp, fekk me innprenta i oss at me ikkje skulle prata i utrengsmål. Og innimellom vert hardingane framstilte som eksemplar av manneætta som sparar på to ting: ord og pengar.

Det er vel kanskje slik at det krevst god kjemi og samkvem over lang tid før ein kan læra seg å setja pris på fåmælte personar. Eg veit at det går, men eg lagar inga liste med namn. Og å ha nokon å teia saman med ser eg på som ein livskvalitet.

Det ser ut til at det fåmælte er lettast å setja pris på i skriven form. Her ei lita soge frå serien «Folk or gamal tid» av Halldor O. Opedal. Det er om ein kar som budde på Aksnes i Kvam. (Eg har normalisert språket litt, slik at ikkje-hardingar og ny-hardingar òg kan forstå). «Han Viking bruka ikkje mange uturvande ord. Alt han sa, var stutt og stempla… Ho mor møtte han ein gong, og so spurde ho korleis Madli, kona hans, levde. ‘Vesal. Ligg ein dag. Oppe neste.'»

Meir skal det ikkje til.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.