Ordstablar

Det er rart med desse orda, når me skal skriva dei. Oftast stablar me dei i breidda; lèt orda fløyma ut med meir enn 100 teikn på linja, medrekna mellomrom. Ein kjend sosiologiprofessor sa ein gong på slutten av 1980-talet at den største ulempa med personlege datamaskiner var at no kom det til å verta altfor lett for altfor mange å skriva altfor mykje utan særleg verdi. Du verda så rett han fekk!

Skal me halda styr på alt ordskrøyvet, må me bruka punktum, komma og stundom andre teikn for å regulera den store ordmassen, i von om at nokon der ute forstår innhaldet. Rettnok ser kommaet ut til å vera på vikande front. Det er berre folk fødde før 1950, og knapt nok det, som i det heile kastar vekk verdfull skrivetid på å setja komma. Og når nokon bryr seg med å bruka komma, ser hovudprinsippet ut til å vera «spre eder efter behag». Kommabruk er etter alt å døma eit teikn på alderdom og utdatert skulegang. Unntaket er kanskje Norsk språkråd, som prøver å innprenta oss at meiningsinnhald faktisk kan verta tydelegare når me bruker komma på fornuftig og rett måte. Og eg meiner å vita at brorparten av dei som er knytte til Norsk språkråd, er mykje yngre enn 1950-årgangen.

Punktum står seg enno godt, sjølv om somme likar å bruka punktum som om det var eit komma. Hakkar opp setningar og formuleringar på ein måte som nok gjer dei interessante, men berre stundevis lettare å forstå. Det skal visstnok vera teikn på at ordprodusenten legg for dagen ein spesiell kunstnarleg givnad når lesaren må streva med å finna ut om det er tenkt ei eller anna form for subjekt i setninga. Og kva skal me eigenleg med eit subjekt? Det er eit formelt krav som legg øydeleggjande band på den eruptive formuleringsskaparkrafta, som me alle visstnok har, men som vert undertrykt av gamaldagse, formelle reglar.

I praksis viser det seg å vera lettare å stabla mange ord i breidda enn å stabla få ord i høgda. Nett det kan vera vanskeleg å skjøna. Det burde vera raskare og enklare å skriva få ord enn å bruka mange ord, på same måten som det er raskare å eta lite mat enn å eta mykje mat, i alle fall for eit fleirtal av oss. Kor som er, det tek ofte lang tid å stabla få ord i høgda. Somme av dei som er vidgjetne for å stabla i høgda, seier dei kan bruka mange dagar og månader på ein liten stabel.

Det er få personar som kan livnæra seg med å stabla ord i høgda. Det seier dei som har greie på slikt. Då er det lettare å finna seg ein leveveg med å stabla ord i breidda. Kanskje er det med ordstabling som med vedstabling. Det er vanskeleg å laga stablar som vert ståande, og vedstablar i høgda har ofte ein uskikk å ramla ned att, dersom ein manglar kunnskap om å bruka godt vyrkje og rett teknikk. Det trengst heil ved og ikkje morkne pinnar.

Ord er ikkje berre enkle. Det er tryggast å stabla dei i breidda. Då kan dei stå ei stund av seg sjølve, til det kjem nye breiddestablar og dyngjer ned dei gamle, i alle fall dei fleste av dei.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.