Vågar du
å opna det inste i deg,
å gå inn i
det glødande, men ubrukte
rommet,
der tankane enno ikkje
er gjennomtenkte,
der kjensle-lavastraumar sildrar
ulmande mellom
forsteina erfaringar?
Å leita seg fram
i det inste
rommet
i det inste
rommet
er ei vandring i
vonlaus von,
sorgtung lukke,
uviss visse,
– ei endelaus
paradoksvandring.
Vågar du?
Vågar me?
Vågar me?