E-boka

Heilt sidan 1981 har eg vore aktiv brukar av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), eller EDB som det heitte på den tida. Både då og seinare fekk me høyra om den lysande framtida utan papir. Det papirlause kontoret var framtidshallusinasjonen for dei som selde maskinutstyr og programvare. Sanninga vart vel at papirmengda auka etter kvart som kvar medarbeidar skreiv ut sine eigne eksemplar av eit dokument, stort eller lite. Ofte vart det mange eksemplar fordi ein hadde tulla bort den fyrste utskrifta.

Utan tvil har den digitale teknologien gjort ei rekkje arbeidsoppgåver lettare og meir effektive. Det å skriva og publisera har vorte svært so lettvint; for lettvint vil nok mange meina. Kvar og ein av oss kan skriva og publisera kva som helst, når som helst. Og sanneleg gjer me det òg!

I fleire år har me også hatt e-bøker, som me kan lasta ned på datamaskiner, smarttelefonar eller spesielle lesebrett. Sjølv skaffa eg meg Kindle-brettet frå Amazon so snart det vart mogeleg å kjøpa det utanfor USA. Det er tiltalande lettvint å skaffa seg bøker med eit par tastetrykk for so å setja seg til å lesa berre nokre minutt etter at boka er tinga og lasta ned. For å halda ein viss kontakt med den gamaldagse bokverda kjøpte eg eit skinnbind som eg har lagt Kindle-lesebrettet inn i. Det gjev meg ein illusjon av å opna ei bok kvar gong eg tek fram lesebrettet.

Ja, det er utan tvil lettvint å lesa e-publikasjonar, anten det er på PC eller lesebrett. Det er også svært lettvint å søkja fram tekstavsnitt i ein tekst, m.a. for å finna noko som skal siterast eller kommenterast. Å lesa lange tekstar på smarttelefon er derimot slitsamt over tid.

På eitt viktig punkt har e-publikasjonar ei klår ulempe. Skal eg arbeida med tekstar, vil eg gjerne kunna bla fram og attende, kunna sjekka og samanlikna, markera og notera i teksten. Det siste kan eg nok gjera i e-publikasjonar også. Men det er eit stort men: eg ser berre ei side eller eitt oppslag på skjermen om gongen. Å bla på skjermen mellom ulike sider er svært tungvint, samanlikna med å bla i eit fysisk papireksemplar. Dette gjev ein redusert funksjonalitet, når ein raskt skal samanlikna ulike delar i ein publikasjon. For meg er dette so viktig at eg vil ha papirversjon av publikasjonar som eg skal arbeida med på denne måten.

Og so er det ein annan kvalitet med papirboka som ikkje har med funksjonalitet å gjera, men som gjeld lesevelvære. E-boka manglar totalt den visuelle og taktile opplevinga som papirbøker gjev oss med ulike framsider, papirkvalitet, typografi, innbinding. Dei er ulike i storleik, tyngd og lukt; ja, ikkje minst lukt. I så måte er e-bøkene eindimensjonale og kjedelege. Mange signal i samtida kan tyda på at eg ikkje er åleine om å lika papirbøker betre enn e-bøker. Og sidan prognosane tyder på at dei eldste generasjonane får høgare levealder, burde papirboka ha ei etter måten ljos framtid. No kjem det også forsking som kan tyda på at det å lesa papirbøker har funksjonelle kvalitetar som går langt utover lesevelværet. So får heller dei mest ihuga e-boktilhengjarane hevda at prognosane om ei ljos framtid for papirboka er eit nostalgiforankra ynske for framtida. Slike ynske er likevel gode å sysla med for tanken.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.