Boklukt

Det var reine feststunder dei sundagsettermiddagane då eg som gutunge, åleine eller saman med far, sykla til Borgstova ved Ullensvang-kyrkja for låna bøker i folkeboksamlinga. Læraren vår, Helge O. Opedal (Helge klokkar), var styrar for folkeboksamling og gav rettleiing til unge og gamle lånarar. Eg minnest den overveldande kjensla av mange bøker dei fyrste gongane eg steig inn i det som opplevdest som eit boktempel. Bøker frå golv til tak i eit rom som nok ikkje var so stort; det berre kjendest slik. Bokmengda verka overveldande på ein unggut. Tenk kor mange lesarar som hadde vorte eller kunne verta fjetra av alle desse bøkene! Den sterkaste sansinga knytte seg likevel til lukta av bøker, denne blandingslukta av støv, papir, trykksverte, bokbind og eg veit ikkje kva. I alle fall lukta det bøker. Det var ei lukt som gav von om å kunna finna nye, spennande univers, der eg kunne skapa mine eigne samfunn, leva meg inn i ukjende personar og forsvinna nokre stunder frå dei kvardagsdetaljane som elles bestemte korleis røyndomen var.

Dei fleste bøkene hadde same typen bibliotekinnbinding; berre fargane på binda var ulike. Ikkje ytre visuelt fjas som kunne favorisera ei bok framom andre. Me måtte opna kvar bok og bla for å finna ut kva bok det var, og om ho såg interessant og spennande ut. Enno kan eg  gjenskapa opplevinga av å leggja bøker med knudrete granitolinnbinding i handa, kunna bla, kjenna lukta av bok siva inn frå blad som mange andre hadde saumfare. Stundom stod lånekortet att i boka med opplysningar om kven som hadde lånt boka før meg.

Luktopplevinga frå den vesle folkeboksamlinga i Borgstova ved kyrkja i Ullensvang har sett varige spor i meg. Kvar gong eg kjem inn i ein bokhandel eller eit antikvariat med mengder av bøker, får eg den same sitrande kjensla av å gå inn i ei verd med uante sjansar. Det er ei kjensle av kanskje å kunna oppdaga noko nytt, ukjent, men likevel relevant og viktig. Og alltid er det luktopplevinga som set i sving dei mange positive minna frå den tida eg for fyrste gong sansa og tok inn over meg verdien av bøker. Den seinaste gongen bokluktopplevinga tok meg, var då eg for nokre veker sidan besøkte Nynorsk antikvariat i Tvedestrand. Du og du so mange interessante bøker og so sterk boklukt!

E-bøker luktar ikkje, dei er fullstendig sterile på alle måtar. Det er eit lyte. La gå at innhaldet og informasjonsverdien er den same i e-boka, og at mykje er lettvint. Men i våre dagar, der det i tide og utide er snakk om «totalvurdering», «totaloppleving» og anna totalitær «fokusering», er den luktfrie e-boka i beste fall å sjå på som ein informasjonsekvivalent til den skikkelege boka. Meir er det ikkje å seia om den saka.

Share

2 kommentarer til “Boklukt

  1. Gerd Opedal

    Eg og hugsar lukta i Borgstova og forventninga til alt som der var å lesa. Problemet oppstod då eg hadde lese ut hyllene med barnebøker og gjekk over til vaksenbøkene. Då sa Helge klokkar nei og viste meg ut. Eg løyste problemet ved å be stemor mi om å låna bøker til meg, og det gjorde ho. Eg tok ikkje skade av det. Takk til Karolina!

    Svar
    1. Magne Velure Innleggsforfatter

      Han Helge var nok litt romslegare med meg. Hugsar eg som 12-åring fekk låna «vaksenbøker», m.a. om Napoleon og om andre verdskrigen. Dei var nok ikkje so skadelege på eit gutasinn.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.