Eskalerande fokus

Det er harde tider for ein som  prøver å følgja med for å kunna ordleggja seg på moderne vis slik at folk forstår kva ein meiner, for ikkje å seia, tenkjer. Nesten dagleg møter eg krav om å vera fokusert. Er det ikkje høgt fokus, så skal eg ha stort eller breitt fokus. Nyleg las eg  i eit helgemagasin om eskalerande fokus. Eg prøver å fokusera så godt eg kan, men det endar dårleg kvar gong. Ein dag hadde eg0 verkeleg tenkt å ha eit breitt fokus på det eg skulle gjera. Eg fokuserte augo så breitt eg kunne, men reaksjonane frå kollegaene var spørjande og undrande: når vart du så skjegløygd? Det var fåfengt å svara fornuftig på slikt; dei ville ikkje forstå det i alle fall.

Lenge undra eg på korleis stort fokus kunne arta seg. Så møtte eg ein person som gjekk rett fram med vidopne augo og store pupillar. Då endeleg forstod eg kva stort fokus er. Det såg litt slitsamt ut. Framleis strevar eg med å finna ut korleis høgt fokus er. Det næraste eg har kome, er å gå opp i andre høgda på huset vårt fordi då ser eg lettare kva som skulle ha vore gjort i hagen. Difor har eg bestemt at å rydda i hagen vil ha høgt fokus hjå meg til våren, med mindre det dukkar opp noko anna som får fokus vekk frå det å ha høgt fokus på hagerydding.

I grunnen er det slitsamt å skifta fokus heile tida. Eg vert trøytt i augo. Den dagen eg prøvde meg på breitt fokus, fekk eg hovudverk attpåtil. Eg var skikkeleg klein, og slike gonger har eg ein tendens til å vera ufokusert, sjølv om meininga var å ha breitt fokus. Fokuslivet er ikkje nokon dans på bordet.

Heldigvis har eg ein storsinna arbeidsgjevar som enno ikkje har sagt noko om at eg skal ha eskalerande fokus. Truleg veit korkje ho/han eller eg kva eskalerande fokus inneber. Det kan kanskje ha noko med auke å gjera, sidan eg har forstått at ’auke’ er eit gamaldags og inkjeseiande ord som får mykje sterkare kraft og presisjon når me skiftar det ut med ’eskalera’ eller ’eskalering’. Då vil sjølv eit barn forstå at her snakkar me om sterke krefter som gjer susen. Det er forvitneleg korleis bruken av ’eskalera’ eskalerer. Ein Dagsrevy utan at noko eskalerer, er ein dårleg Dagsrevy som verkar kvardagsleg og udramatisk. Slik vil me ikkje ha det i 2014.

Neste gong eg går til optikar for å skifta dei progressive brillene mine, skal eg be om ulike felt for høgt, breitt og stort fokus. Eg skal prøva meg med eit felt for eskalerande fokus også, men er villig til å droppa det. Til og med eg forstår at med så mange fokusfelt er det lett at brillene kan verta store og uhamslege. Og det må no vera måte på å visa for all verda at ein slit med å vera fokusert. Litt skjemmevit må ein ha.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.